Nyheter

Vurderer vikarboikott av privat-prestar

Prestar som vil ta betalt for vigslar og sjelesorg, kan få bispemotstand.

«Dersom kirken er av den oppfatning at slik privat prestetjeneste ikke er ønskelig å fremme, bør man derfor avstå fra å bruke disse personene til vikartjenester.»

Sitatet er henta frå Bispemøtets sakspapir om private prestar som blei diskutert onsdag. Tematikken var allereie på agendaen til biskopane i februar, etter at Vårt Land hadde omtalt presten Solfrid Bjørkelid Dyrøy i Mandal som starta privat praksis. Ho tek betalt 600 kroner for samtalar, 4.500 kroner for bryllaup og 3.000 kroner for gravferdsseremoniar.

– Vanskeleg å stoppe

Men biskopane kom ikkje til noko konklusjon denne veka.

– Vi hadde ein god samtale, men på grunn av lita tid fekk vi ikkje konkludert, seier Stein Reinertsen.

Han var saksordførar for tematikken og er biskop i Agder og Telemark bispedøme, som Mandal tilhøyrer.

I sakspapira som vart brukt, lyser det derimot gjennom at biskopane er skeptiske til privat business med kyrkjas sakrament og oppgåver. Biskopane skal difor arbeide vidare med eit notat som inneheld dei aktuelle reglane og forskriftene som kyrkja allereie har som vedkjem privat presteteneste.

I forslaget til notatet heiter det blant anna:

• En slik virksomhet reiser flere teologiske og kirkerettslige spørsmål vedrørende prestetjenesten. En grunnleggende problemstilling i denne sammenheng blir hvorvidt prestetjenesten kan forstås som en «privat virksomhet».

• Prest er ikke en beskyttet tittel, og fra kirkens side er det antakelig vanskelig å motsette seg at privatpersoner som er ordinert til prestetjeneste etablerer privat virksomhet. Hvordan kirken innretter seg vil imidlertid kunne bidra til å styrke eller svekke denne virksomheten.

• Dersom en privat prest også leies inn (...) vil dette bidra til å styrke personens offentlige presteidentitet, og slik styrke markedsføringen av de tjenester som tilbys gjennom den private virksomheten. Dersom kirken er av den oppfatning at slik privat prestetjeneste ikke er ønskelig å fremme, bør man derfor avstå fra å bruke disse personene til vikartjenester.

LES OGSÅ: Prest krev 600 kroner for sjelesorg

Mange private framstøyt

– Kor mange er det som driv som privat prest, biskop Reinertsen?

– Vi veit ikkje kor mange det gjeld. Men det er mange liknande tilfeller, slik som at prestar driv privat med sjelesorg, kursverksemd og jobbar i gravferdsbyrå. Difor er dette eit viktig tema å ta opp.

Han vil ikkje svare på om nokon av biskopane ynskjer å leggje til rette for privat prestepraksis.

– Eg kan ikkje gå inn på kva dei ulike biskopane meiner. Vi vil konkludere i oktober.

Følg oss på Facebook og Twitter!

– Gir gjerne opp

Privatprest Solfrid Bjørkelid Dyrøy seier til avisa Dagen at ho er overraska over at biskopen diskuterer hennar og andre sin praksis.

– Dette handlar om å vere ryddig, og eg har sjekka både med departementet og med skattestyresmaktene. Eg tek sjølvsagt omsyn til gjeldande lovverk, seier ho og visert kyrkjelova og innrapporteringar til skatteetaten.

Ho seier også til avisa at ho gladeleg kan seie frå seg presterettane:

– Dersom det er meg dei er ute etter, kan eg gladeleg seie frå meg presterettane. Eg har allereie forstått at eg aldri kjem til å få noko prestestilling på grunn av mitt homofilisyn, seier Bjørkelid Dyrøy.

Ho opnar for å be for homofile par og ønsker på sikt å vie par av same kjønn.

– Vi er absolutt ikkje ute etter Bjørkelid Dyrøy. Ho er ein flink prest, seier Reinertsen til Vårt Land.

Men praksisen hennar har bidrege til at biskopane diskuterer tematikken med private prestetenester?

– Ja, det er ein aktuell sak. Men denne saka og hennar homofilisyn har ikkje noko med at ho enno ikkje har fått jobb, seier biskopen.

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Nyheter