Nyheter

Folket ingen vil ha

Ti millionar menneske er statslause i verda i dag. Ein av millionane er rohingyaane i Myanmar. Fredsprisvinnar Aung San Suu Kyi talar ikkje deira sak.

Myanmar var eit militærdiktatur fram til 2011. Då hengde generalane uniformene i skåpet, trekte i sivil og innleia demokratiske og økonomiske reformer. Verdssamfunnet – Norge inkludert – svarte med å heve sanksjonar og opne for handel og samarbeid.

I 2012 blei den muslimske minoriteten rohingya for alvor kjent utanfor landet som lenge heitte Burma. For tre år sidan blei fleire hundre rohingyaar drepne i valdelege samanstøyt med rakhinarar – ein annan minoritet som lever vest i Myanmar. Minst 140.000 rohingyaar blei jaga vekk frå hus og heim og inn i kummerlege flyktningleiarar som få internasjonale hjelpeorganisasjonar har tilgang på.

Kven er rohingyaane?

Dei er ei minoritetsgruppe i Myanmar. Landet har 135 anerkjende minoritetar, men rohingya er ikkje blant dei.

Kor mange er dei?

Ifølgje FN tel dei rundt ein million.

Kvar i Myanmar bur dei?

Dei bur i delstaten Rakhine, vest i landet. Her lever dei side om side med minoriteten rakhin. Medan rohingyaane er muslimar, er rakhinarane buddhistar – og tel rundt tre millionar.

Kva opphav har rohingya?

Mange rohingyaar kom til Myanmar då landet heitte Burma og var ein britisk koloni – dei kom på 1800-talet som arbeidskraft frå den austlege delen av den britiske kolonien India, område som i dag utgjer staten Bangladesh. Fleire rohingya-talsmenn seier at dei er eit urfolk i Rakhine.

I fleire århundre har det budd muslimar i vest i dagens Myanmar, men det er usikkert om dagens rohingyaar er etterkommarar etter denne gruppa.

Korleis ser styresmaktene i Myanmar på minoriteten?

Dei definerer rohingyaane som ulovlege innvandrarar frå Bangladesh, som i hovudsak har ei muslimsk befolkning. Folkegruppa blir nekta statsborgarskap, helsetenester, utdanning og arbeid i Myanmar. Gruppa blir også konsekvent omtala som bengalarar av styresmaktene.

Kva politikk har regimet ført som har ramma rohingyaane?

Då Burma blei sjølvstendig frå Storbritannia i 1948 kravde rakhinarane sjølvstende, men dei nye styresmaktene fekk hjelp av rohingyaane til å slå ned opprøret og fridomskravet. Som takk blei rohingyaane anerkjende som burmesiske borgarar – noko rakhinarane aldri har gløymt. No blir dei to gruppene spela ut mot kvarandre av regimet.

I 1978 vedtok generalane som styrte Burma å reinske grenseområdet mot nabolandet Bangladesh. Aksjonen var ikkje direkte mynta på rohingyaane, men resultatet blei at mange flykta til Bangladesh.

I 1982 svarte generalane i Burma med å ta statsborgarskapet frå rohingyaane då Bangladesh trua med å væpne flyktningane som kom frå aust. Samstundes blei det innført ein lov som sa at alle som skulle vere statsborgarar i Burma måtte prove at deira forfedre budd i Burma før 1823, altså før britane gjorde landet til koloni.

Fordi Burma lenge var eit lukka land styrt av generalar, blei lite kjent om levekåra til rohingyaane.

Sommaren 2012 braut det ut uro i delstaten Rakhine, kva skjedde?

Ei buddhistisk kvinne blei valdteken og drepen. Kort tid etter blei ti muslimar drepne då sinte buddhistar gjekk til åtak på ein buss der dei trudde drapsmannen sat, noko han ikkje gjorde. Etter desse drapa blussa valden mellom muslimar og buddhistar kraftig opp og spreidde seg til andre områder i delstaten. Styresmaktene svarte med å innføre unntakstilstand og sende soldatar til utsette område.

Valden dreiv rundt 140.000 rohingyaar frå gard og grunn og inn i flyktningleirar der dei bur framleis. Fremst blant dei som gjekk til åtak på rohingyaane fann ein ekstremistiske buddhistmunkar. Desse hadde og har ein særs hatefull retorikk; Myanmar for buddhistar, ikkje for muslimar.

Rundt 200.000 rohingyaar har også flykta til leirar i Bangladesh. Også her blir dei nekta basale rettar som helse, utdanning og jobb.

Kva løysingar har det nye kvasisivile regimet presentert?

President Thein Sein ønskte i 2012 å sende alle rohingya ut av Myanmar fordi dei er illegale immigrantar. Nest best ville vere å samla dei i eigne leirar som FN skulle byggje og drive, meinte han.

Kva meiner fredsprisvinnar og opposisjonsleiar Aung San Suu Kyi om behandlinga av rohingyaane?

I åra militærjuntaen styrde støtta Aung San Suu Kyi og partiet hennar, NLD, rohingyafolkets kamp for borgarrettar, men etter at regimet innførte demokratiske og økonomiske reformer – noko som gav opposisjonsleiaren plass i parlamentet – har ho blitt taus. Kritikarane seier Aung San Suu Kyi ikkje står opp for den muslimske minoriteten fordi ho vil tape på det når den buddhistiske nasjonen Myanmar går til val seinare i år.

FNs spesialrapportør for Myanmar, Yanghee Lee, leverte ein rapport om levekåra til rohingyaane i vår, kva rapporterer ho?

Etter å ha møtt rohingyaar som har status som internflyktningar, seier Yanghee Lee at folk fortel at dei har to val: Bli i Myanmar - og døy, eller ta sjansen på å røme landet med båt.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Kva lagnader møter rohingyaar i landa dei flyktar til?

Nyleg blei det avdekka ei massegrav sør i Thailand. Fleire av dei døde skal vere rohingya som kan ha blitt drepne av menneskehandlarar. I fiskeriindustrien i Thailand og Indonesia blir minoriteten brukte som slavearbeidarar. I april blei det avslørt at eit hundretal rohingyaar av dei hadde budd på ei isolert indonesisk øy i fleire år medan dei jobba på fiskebåtar under slaveliknande kår.

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhendeavdelinga i Vårt Land. Han har arbeidd i Vårt Land sidan 1992 og har tidlegare vore deskjournalist, vaktsjef, nyhendeleiar og samfunnsredaktør (nyhenderedaktør) i avisa. Han skriv særleg om asyl-, flyktning- og integreringspolitikk, oppvekst og utanriks – og konsekvensar av vedtak i regjeringa og Stortinget. Tips gjerne på: bjbj@vl.no

Mer fra: Nyheter