Nyheter

Elev får ikkje fritak frå homofiliundervisning

Kommunen avslo søknaden om fritak frå undervisning om homofili og surrogati. No har Fylkesmannen kome til same konklusjon.

Få nyhetsbrev fra Vårt Land. Meld deg på her!

Foreldra til ein elev ved Forsand skule i Ryfylke søkte tidlegare i år om fritak frå timar der tema er homofili og surrogati, av samvitsgrunnar på bakgrunn av livssyn.

Søknaden vart avslått av både rektor ved skulen og klagenemnda i Forsand kommune. Det vart sagt at det ikkje er heimel i opplæringslova for eit slikt fritak. Foreldra til eleven klaga på avgjersla, og dermed hamna saka på bordet til Fylkesmannen i Rogaland.

LES OGSÅ: Tenker nytt om homofili – sliter med formidlingen

Støttar kommunen

Det var tre hovudpunkt i klagen frå foreldra:

1. Dei klaga på at eleven ikkje har fått fritak frå undervisning som handlar om homofili.

2. Dei har ikkje tillit til læraren er «nøytral nok til temaet».

3. Dei stiller spørsmål ved kva rolle foreldra har med tanke på å bestemme fagleg innhald i skulen.

Onsdag førre veke var saka ferdig behandla hjå Fylkesmannen.

– Vi stadfestar kommunen sitt vedtak, seier utdanningsdirektør Sylvi Ona Gjul ved fylkesmannens kontor, til Vårt Land.

Fylkesmannens vedtak er endeleg.

LES OGSÅ: Får ikkje fritak frå homofiliundervisning

Lite tillit

I sakspapira kom det fram at foreldra har liten tillit til læraren, sidan han sjølv er homofilt samlevande.

– Emna homofili og surrogati er del av innhaldet i læreplanen, og reaksjonar på ein lærar sitt personlege syn gir ikkje i seg sjølv grunnlag for fritak, seier Gjul.

Samtidig understrekar utdanningsdirektøren at måten lærarar underviser på kan variere.

– Dei kan utvise god dømekraft, og kanskje ikkje fullt så god dømekraft, i visse situasjonar. Men det er ikkje fylkesmannen si sak å behandle.

Gjul kjenner seg sikker på at dette er ei sak som har blitt grundig diskutert ved Forsand skule, sidan dette er ei sak mellom arbeidstakar og arbeidsgjevar.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Anita Grønningsæter Digernes

Anita Grønningsæter Digernes

Anita Grønningsæter Digernes er journalist i publiseringsavdelingen i Vårt Land.

Annonse
Annonse

Mer fra: Nyheter