Ap-politiker Sahfana M. Ali vart nyleg hetsa for å ha nytta bunadshijab. I dette høve gjentrykker Vårt Land denne saka.
Hijab til uniformer i statlege etatar seier organisasjonen LIM bastant nei til.
– Hijab til bunad er ei privatsak. Det må kvar einskild avgjere sjølv, men vi heiar på alle som vel å gå i bunad då dette er eit sterkt symbol på integrering, seier generalsekretær Sylo Taraku i LIM til Vårt Land. LIM står for likestilling, integrering, mangfold, og organisasjon arbeider for å fremje "innvandrernes deltakelse, tillit og tilhørighet til det norske samfunnet".
Bunadskledde nordmenn gjekk i går i tog over heile landet. 17. mai er den store bunadsdagen. Mange går i bunader som viser kvar dei kjem frå medan andre har valt ein dei tykkjer er fin.
Kvinner som brukar hijab til dagleg ønskjer også å bruke bunad. De vil vise heimstadband til byen og bygda dei bur i.
LES OGSÅ: Splittet i to 17. mai-tog
Har slektskap
– Klart det er lov, seier bunads- og folkedraktsekspert Camilla Rudrud til P4. Ho arbeider i Norsk Institutt for bunad og folkedrakt.
Rudrud forklarar at dei mange norske hovudplagga som blir brukt av bunadskvinner har sitt opphav i det gamle bysantinske riket; dei kom som ein motepåverknad austfrå.
– Det same opphavet gjeld også for det muslimske hovudplagget hijab. Hovuplagga har dermed eit slags slektskap.
Provoserer bunadsbrukarar
Rudjords ja til hijab til bunad opprører mange så sterkt at samstundes som bunadsskjorter blei strokne og sølv pussa til nasjonaldagen, så kom det mange kritiske innlegg på sosiale medier:
"Nordlandsbunaden er ikke islamisert og skal ikke islamiseres."
"Den norske nasjonaldrakten skal ikke kombineres med andre plagg."
"Det er bare ikke passende med noe så undertrykkende som en hijab til et plagg som i stor del representerer frigjøring."
Ei skriv at ho som hijabbrukar ikkje vågar å kjøpe bunad eller festdrakt:
"Jeg tør ikke kjøpe meg hverken bunad eller festdrakt, i frykt av å få kommentarer/stygge blikk og i verste fall at forbipasserende skal gå til verbalt/fysisk angrep på meg.
man kan bruke de hodeplaggene som allerede hører til bunaden."
LES OGSÅ: Katolsk skule først i barnetoget
Tydeleg nei
Unni Brekka Kiøsterud er leiar av Høgres kvinneforum i Telemark. Høgre-politikaren er tydeleg på kvar ho står:
– Bruk hovudplagga som høyrer til bunadene våre, eller vel eit anna klesplagg, seier Brekka Kiøsterud til NRK Telemark.
Høgrekvinna ønskjer å bli ordfører i Bamle kommune etter valet i september. Ho forklarar nei-til-hijab-til-bunad-standpunktet slik:
– Det handlar om vår kulturarv, og ikkje om tru og livssyn.
Brekka Kiøsterud meiner norske bunader har så mange hovudplagg at hijab ikkje er naudsynt.
Følg oss på Facebook og Twitter!
Moderne bruk
Atle Ove Martinussen leiar det statleg oppnemnde Bunad- og folkedraktrådet, eit råd som skal vere eit rådgjevande organ for Norsk institutt for bunad og folkedrakt, som er eit nasjonalt kompetansesenter. Han tykkjer saka om hijab til bunad er særs interessant, og vil ta dette opp i rådet.
– Vi må gå inn og sjå kva det er snakk om, vi må spørje kvifor kvinner vil gå med hijab til bunad, seier rådsleiaren til Vårt Land.
– Kan det bli snakk om å lage retningsliner?
– Nei, rådets funksjon er å vere vegleiar. Vi gjev råd basert på dei tradisjonane som knyter seg historisk til folkedrakttradisjonane her til lands.
Martinussen, som til dagleg er direktør for Museumssenteret i Hordaland, vil skape møteplassar for å drøfte den moderne bruken av bunaden.