Flyktningar får Ikea-hus

Høgre og Frp vil hjelpe flyktningar
i nærområda. No skal flyktningar i Irak byte ut 
telt med langt betre byggjesetthus.

I Irak: Ikea-huset er sett opp i ein flyktngleir i Kawergosk i Irak. Her er det plass til ein familie på seks. Solcellepanel syter for lys og varme. I dei næraste månadane skal 10.000 slike hus setjast opp i Irak. Foto: Erik Hagman
Publisert Sist oppdatert

– 10.000 Ikea-hus til flyktningar i Irak er eit godt døme på kva vi i Framstegspartiet meiner med god hjelp i nærområda. Ved å gå over frå telt til desse flatpakka husa, vil mange flyktningar få eit betre tilvære, seier Kristian Norheim (Frp) til Vårt Land. Han sit i Stortingets utanriks- og forsvarskomité.

Med støtte frå Ikeas bistandsorganisasjon har det svenske ­designselskapet Better Shelter utvikla eit byggjesett som ­tåler mykje vind og ver. I løpet av ­nokre timar blir 71 røyr og 35 plastpanel sette saman til eit hus som kan romme ein familie på seks.

Etter at prototypen er prøvd ut med suksess i flyktningleirar i Etiopia og Irak, har FNs høgkommissær for flyktningar (­UNHCR) no tinga 10.000 plasthus som skal setjast opp i leirar i Irak. Ikea-huset er tre gonger dyrare å produsere enn teltet UNHCR set opp i dag, men det har lengre levetid – og bukvaliteten er langt betre.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP