Nyheter

Buddhas 
heimland
rista sund

Nepal er landet med 
123 språk og 125 etniske grupper – 
og heimlandet til Buddha.

Swoyambhunath er eit av Nepals eldste heilage stader. Den 1.500 år gamle stupaen i Katmandu blei kraftig øydelagt i jordskjelvet laurdag. Her prøver ein ung buddhistmunk å rydde opp etter at skjelvet fillerista anlegget som står på UNESCOS verdsarvliste.

Nepal er heimlandet til prinsen Siddhartha Gautama. Kongesonen fekk æres-tittelen Buddha, og blei grunnleggjaren av verdsreligionen buddhisme.

Buddha kom til verda i kongedømmet Kapilvastu, som ligg sør i dagens Nepal, på grensa til India.

Buddhas lære var sterkt utbreidd i 
Nepal fram til nordindiske hinduar vandra inn og underla seg landet religiøst. I dag er åtte av ti hinduistar medan berre ein av ti er buddhistar.

LES MER: «Denne gangen kom skjelvet oss ekstra nær»

Dei mange folka

Nepal er landet som er fletta saman i eit enormt etnisk lappeteppe. Siste folketeljing, gjort i 2011, viser at Nepal har 123 ulike språk. Nepali er det dominerande morsmålet, 45 prosent brukar dette medan berre vel ein prosent snakkar gurung.

Språka følgjer etniske grenser. Folketeljinga viser til dømes at Nepal har nesten 17 prosent som er chhettri, sju prosent som er magar, to prosent som er gurung – og heile 20 prosent som er «andre»; altså ein sekk med knøttsmå språkgrupper.

No prøver hjelpearbeidarar å ta seg ut til mange av desse etnisk avgrensa småsamfunna, som er fillerista av skjelvet.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Dei to trekantane

Nepal er landet som er åleine i verda om å ha eit flagg som ikkje er rektangulært – eller kvadratisk. Flagget som blei Nepals offisielle flagg i 1962 er sett saman av to trekantar som i byrjinga representerte to greiner av Rana-familien, som styrte Nepal i vel 100 år frå 1846 til 1951; dei gjorde statsministertittelen arveleg – og kongen umyndig.

Flagget har eit sol- og eit månesymbol. Dei symboliserer vona om at Nepal vil eksistere like lenge som månen og sola.

LES MER: – Etterskjelvene holder oss utendørs

Dei mange gurkhaane

Nepal er fjellandet som ligg klemt saman mellom India og Kina, men er landet som ingen klarte å kolonisere. Britane prøvde å underleggje seg Nepal gjennom gorkha-krigen frå 1814 til 1816. British East India Company gjekk til åtak på kongedømmet Gorkha etter at ein ikkje blei samde om grensa mellom Gorkha og den britiske kronkolonien India – begge partar ville utvide riket. Ved fredsavtalen i Sugauli fekk britane overført ein tredel av landområdet til fjellkongeriket.

Under krigen møtte britane særs dyktige og modige nepalesiske soldatar. Desse gjorde så sterkt inntrykk at dei blei tilbode jobb hjå britane. Dermed var det særeigne gurkha-korpset fødd. Dei svingar framleis krumkniven for dronninga.

Dei mange døde

Nepal er landet der kongefamilien blei massakrert i kongepalasset – og der den nye kongen til slutt blei jaga på dør av folket og strippa for rojale privilegier.

1. juni 2001 gjalla skotsalvar gjennom Narayanhiti-palasset i Katmandu. Kong Birenda, dronning Aishwarya og åtte 
andre medlemmer av kongefamilien blei myrda. Kven som blei kongemordar den kvelden, og kvifor, er framleis uklårt. 
Offisielt fekk kronprinsen Dipendra skulda, men han døydde av skotskader. Levemannen og prinsen Gyanendra blei utropt til konge. Han viste seg snart som ein handlesterk og korrupt konge, som gjorde seg sterkt upopulær.

Drapa i palasset endra innanrikspolitikken i Nepal, og fekk stor betydning for borgarkrigen som hadde rast sidan 1996. I 2005 tok kongen all makt i eit kupp – og fekk folket mot seg. Året etter blei det signert ein fredavtale med maoistopprørarane, som gjekk inn i regjeringa og vann valet i 2008. Dermed var kongens dagar talte. I dag er Narayanhit
i museum og Nepal republikk.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter