Nyheter

Konservativ kristen statsminister i Finland

Juha Sipilä er læstadianaren som blei IT-millionær før han gjekk inn i politikken.

Få nyhetsbrev fra Vårt Land. Meld deg på her!

Riksdagsvalet i 2011 blei eit jordskjelvval. Det høgrepopulistiske partiet Sannfinländarna, som har ein venstreorientert velferdspolitikk, firedobla oppslutninga. Kvar femte finne stemte på partiet som er sterkt kritisk til EU, NATO, innvandring – og svenskundervisning på finske skular.

Men sannfinnane gjekk rett i skuggedalen. I god finsk tradisjon – landet manglar tradisjon for blokkdanningar – fann ein brei koalisjon saman for å styre vårt naboland. Samlingspartiet, Finlands Høgre, gjekk saman med Socialdemokraterna, miljøpartiet Gröna forbundet, sosialistiske Vänsterförbundet, Kristdemokraterna og Svenska folkpartiet.

Den store taparen blei det mektige, statsberande Centern, partiet som ligg ein stad mellom norske Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Venstre - og som har styrt Finland i lange periodar i etterkrigsåra, og som har eit sterkt eigarskap til den finske velferdsstaten.

Tilhøyrer vekkingsrørsle

Søndag er det venta at Centern kjem sterkt tilbake. Partleiar Juha Sipilä får etter alle solemerke oppdraget frå president Sauli Niinistö om å skipe ny regjering. For eitt er ganske sikkert; NATO- og EU-entusiasten Alexander Stubb frå Samlingspartiet er ferdig som statsminister.

Centern-leiar Juha Sipilä er ein utypisk partileiar i finsk politikk. Han har ikkje gått partivegen til toppen, han kom inn i Riksdagen frå nord ved valet for fire år sidan, og blei valt til leiar i 2012.

Sipilä er læstadianaren, sivilingeniøren, fembarnsfaren, gründaren og eigaren av telekomselskapet Solitra som selde butikken til amerikanske oppkjøparar, putta pengane i banken, sa han hadde nok pengar livet ut - og gjekk inn i politikken.

Han tilhøyrer ei konservativ, luthersk vekkingsrørsle som ble forma av den svenske presten Lars Levi Læstadius i svensk Lappland. På midten av 1800-talet spreidde læstadianismen seg til Nord-Norge og Finland. Læstadius var kjent for å preike ein streng, luthersk kristendom.

Sviktar Nokia

Juha Sipilä kjem til å ta over eit land som strevar økonomisk. Flaggskipet Nokia hanglar og treindustrien er hardt ramma av at folk les stadig mindre aviser og magasin - og meir på lesebrett og mobil. Men ikkje på ein Nokia.

Sipiläs resept er lønnsmoderasjon og pensjonsreform. Finnane må bli billegare i drift. Underskotet i finsk økonomi er no så høgt at det bryt med EUs budsjettregler.

I valet søndag kan Centern få rundt 25 prosent oppslutning, fortel målingane. Det betyr at Sipilä må finne koalisjonsvener. Ein konstellasjon kan inkludere partiet som ingen ville samarbeide med i 2011, Sannfinländarna. Med på det laget kan også Socialdemokraterna og Svenska folkpartiet kome.

Følg oss på Facebook og Twitter!

To som trur

Akkurat som det er ein viss avstand mellom partiprogramma til Centern og Sannfinländarna, høyrer partileiarane Juha Sipilä og Timo Soini heime i ulike trussamfunn. Sipilä er læstadianar, rett nok av den mildare «unglæstadianar»-varianten, medan Soini er katolikk.

Men begge er verdikonservative, og dei næraste dagane kan dei finne saman.

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Annonse
Annonse

Mer fra: Nyheter