Nyheter

– Hjernesjukdom gav Muhammed og Paulus syner

Både apostelen Paulus og profeten Muhammed fekk sine openberringar på grunn av epilepsi eller migrene, meiner norske spesialistar i nevrologi.

– Eg er bombesikker på at hjerne­sjukdommar har påverka historia, seier Ragnar Stien som er professor emeritus i nevrologi ved Universitetet i Oslo.

Han meiner at epilepsi og migrene var eit viktig bidrag for at islam og kristendom blei store verdsreligionar.

I februar gjekk startskotet for hjernens år i Europa, noko som blei markert på Universitetet i Oslo. Blant arrangørane er Stien, som er oppteken av dei «handfaste bevisa på at nevrologien har påverka historia». Her viser han til Paulus og Muhammed.

– Blant mine favoritteksempel på dette, er historia om apostelen Paulus. Han hadde ei merkeleg omvending der han såg eit lys og fall til jorda. Og deretter verken åt eller drakk Paulus på tre dagar. Då blir eg som nevrolog mistenksam, seier han og refererer til historia frå Apostelgjerningane kapittel ni i Bibelen.

LES OGSÅ: Ristar på hovudet over sjukdomspåstandar

– Mange sjukdomsteikn

Her er det nærliggjande å tenke at Paulus hadde eit kraftig migreneanfall. Det er blant anna vanleg å oppleve synsforstyrringar og ikkje klare å få i seg næring slik som det var med Paulus, meiner Stien og ramsar opp fleire teikn på Paulus sin sjukdom:

• Han dikterte breva sine, noko som tyder på at han hadde problem med synet.

• I Galatarbrevet kapittel seks skriv Paulus «Sjå kor store bokstavar eg brukar når eg no med mi eiga hand skriv dette til dykk». Synsproblema gjer altså at han måtte nytte store bokstavar når han sjølv skreiv.

• Apostelen fortel i 2. Korintarbrev kapittel 12 at han hadde ein torn i kroppen. Det greske ordet er skólops, og kan også bli omsett til sting eller smerte i staden for torn slik som det står i Bibelen. Dette tyder på migrene.

• Paulus skriv i Galatarbrevet kapittel 4 at det var på grunn av ein sjukdom at han fekk forkynne evangeliet for galatarane for første gong.

Karl Otto Nakken er overlege ved Statens senter for epilepsi. Han skriv i ein artikkel at rundt 1 prosent av personar med epilepsi som ein antek har utgangspunkt i temporallappen, har element av ekstatiske, andelege ­eller religiøse symptom.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Viser til forskning

I løpet av ein tiårsperiode ved nevrologisk poliklinikk ved St. Olavs hospital var det også elleve pasientar som opplevde ei kjensle av sterkt behag under anfall. Fem av desse hadde andelege eller nærmast religiøse opplevingar.

Nakken skreiv artikkelen saman med Eylert Brodtkorb, som er professor ved Institutt for nevromedisin ved NTNU, og den stod i Tidsskrift for Den norske legeforening i 2011. I artikkelen står det dessutan at Paulus og Mohammed, blant mange andre religiøse leiarar, truleg hadde epilepsi.

– Symptoma er litt for dårleg skildra til at det er lett å kvalifisere det ordentleg, men det ser ut som at Paulus hadde postepileptisk psykose. Det er ikkje ein vanleg diagnose, men artar seg slik at ein går inn i ei psykose etter ein serie med epileptiske anfall, seier Nakken.

Han påpeikar at han ikkje kan vere skråsikker. Men han er skråsikker på at religionshistoria er påverka av nervesjukdommen.

– Spesielt når det kjem til desse såkalla profetane. I vårt fagmiljø møter vi av og til menneske som har tinninglapp-epilepsi. Det kan føre til at dei får hallusinasjonar der dei trur dei er Gud eller Guds viktigaste hjelpar. For fleire hundre år sidan vart slike opplevingar tolka på ein annan måte enn i dag. Dermed kunne desse personane danne sekter, seier Nakken.

– Sjuk profet

Nevrologprofessor Ragnar Stien er overtydd om at profeten Muhammed fekk openberringar på grunn av sjukdom.

– Muhammed hadde openberringar der han såg og oppfatta ting. Det er veldig sannsynleg at Muhammed hadde epilepsi og at nokre av openberringane hans kom under epileptiske anfall, seier Stien.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter