Underskot i sædbankar
Norge manglar opne sæddonorar. Verdas største sædbank ber innvandrarar om å levere innskot i banken.
No er etterspurnaden etter sæd frå raudhåra sterkare enn det Cryos kan levere. Kundane er særleg heterofile par der mannen er raudhåra, eller lesbiske par der den eine kvinna har raudt hår.
Frank May/NTB scanpix
Sæd er etterspurt i fleire sædbankar, men problema er svært ulike:
Danske Cryos, som er verdas største sædbank, strevar med å levere andre typar sæd enn den frå etnisk, danske menn. Færre enn ein av ti donorar har ikkje-vestleg bakgrunn. Dette betyr at Cryos i hovudsak berre kan levere sæd frå menn med klassisk nordisk utsjånad.
– Hyllene er fulle med dansk sæd, men til innvandrarar og deira etterkommarar har vi lite å tilby. Så vi har eit problem, seier Cryos-direktør Ole Schou til Danmarks Radio.
Bestill abonnement her
KJØP