Foreldremøte i moské skaper bråk

Foreldremøta ved Kolstad skule i Trondheim brukar å vere i gymsalen. I år møttest foreldra heller i moskeen.

Imam Mustafa Ergun snakkar om islam under foreldremøtet i moskeen på Kolstad i Trondheim. Til venstre for han står Hacer Akdemir, som har barn ved skulen. Ho er tolk, sidan imamen snakkar tyrkisk.
Publisert Sist oppdatert

– Ideen kom på eit møte med foreldreutvalet, forklarar rektor ved Kolstad skule, Øystein By Rise, til Vårt Land.

Kvar vår har barneskulen eit større foreldremøte som tek føre seg eit bestemt tema. Dei siste to åra har mobbing og mangfald stått på timeplanen. I år vart det islam. Det var Byavisa i Trondheim som først omtalte saka.

– Moskeen har jo vore her eit års tid, den ligg rett ved skulen, og eg har sjølv vore nysgjerrig på kva som skjer der, seier rektoren.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS