Kampen mot ‘Bibi’
Nye partialliansar i Israel gjer det dei kan for å ta frå Benjamin Netanyahu makta. Skulle Likud-statsministeren likevel halde fram, viser det sentrums maktesløyse.
Benjamin Netanyahu, her fotografert under søndagens regjeringsmøte, har tre ekteskap og tre statsministerperiodar bak seg. Klarar den første israelske statsministeren som er fødd i Israel, å få ein fjerde periode som regjeringssjef?
Reuters/NTB scanpix
Her i landet snakkar vi om regjeringsslitasje. Benjamin ‘Bibi’ Netanyahu blei i 2013 den første statsministeren etter nasjonens far, David Ben-Gurion, som vart statsminister for tredje gong. Etter det vi ser som politiske tyngdelover, skulle Netanyahu i alle fall blitt bytta ut i år. Men kanskje klarar han å bli vald for fjerde gong.
Faktorane som skulle tilseie maktskifte, står sakleg sett i kø. I sentrum har to parti funne saman i ein allianse. Bak står det israelske arbeidarpartiet (Labour) med statsministerkandidat Yitzhak Herzog (son til tidlegare president Chaim Herzog), og tidlegare utanriksminister Tzipi Livni.
LES OGSÅ: Israelsk gruppe kritiserer bombing av Gaza
Bestill abonnement her
KJØP