Nordmenn på begge sider av Vestfronten
Norge deltok ikkje i første verdskrig. Men rundt 15.000 norsk soldatar kjempa i krigen, nesten 2.000 ofra livet. I slaget ved Somme stod nordmenn mot kvarandre.
Slaget ved Somme i 1916 var det blodigaste under første verdskrig. Nesten ein million soldatar blei såra eller døydde. Her kjempa to nordmenn mot kvarandre. Lyder Ramstad i tysk uniform. Per Freng Petersen i australsk.
Arkiv
YPRES, BELGIA (Vårt Land): Fanfaren lyder ut av krigsmonumentet Menin Gate i Ypres. Kveldsmørket har senka seg over den krigsmerka belgiske byen. Presis klokka 20 hevar konstablane frå det frivillige brannkorpset horna og spelar fanfaren The Last Post.
Så er det stille i eitt minutt. I Menin Gate er namna til 54.896 soldatar frå det britiske imperiet hogd inn i marmorplater. Alle døydde i dei tre slaga rundt Ypres under første verdskrig. Ingen av dei har ei kjent grav.
To av soldatane som fanfaren er blitt spela for kvar kveld sidan 11. november 1929, er norske. Ole Gjems døydde i britisk uniform, Reidar Grønvold i australsk. Gjems frå Kongsvinger var student i Storbritannia, og då han ønskte å bli offiser i hæren, måtte han bli britisk borgar. Grønvold frå Oslo kom med båt til Australia, og då sjømannen gjekk i land for å søkje jobb, valde han å bli australsk borgar.