Høie vil ikkje gi meir pengar til prevensjon

Helseministeren avviser forslag frå Sp og KrF.

Helseminister Bent Høie meiner det ikkje er naudsynt med ei særskild økonomisk ordning for langtidsprevensjon til unge kvinner.
Publisert Sist oppdatert

Helseminister Bent Høie (H) vil ikkje subsidiera langtidsprevensjon, slik KrF og Sp ønskjer.

I oktober skreiv Vårt Land om ein ny rapport, som viste at nesten fire av ti kvinner som søker abort har brukt prevensjon. Forskarane bak meinte at langtidsverkande prevensjon, som spiral, p-stav og p-sprøyte, vil kunne senke aborttala.

Tidlegare i år foreslo KrF gratis langtidsprevensjon til dei mellom 20 og 24 år, som er den gruppa som har flest svangerskapsavbrot. I dag er denne prevensjonen berre subsidiert fram til fylte 20 år.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP