Det gode og det rette
Livet gir oss mange val som handlar om å velja det som er rett og godt. Bli ikkje trøytte av å gjera det som rett og godt er, skriv Vigdis Berland Øystese.
Det var ein sur februardag. Slapset låg gråleg langs fortauskanten. Vi som venta på trikken på Stortorget i Oslo, hutra litt. Attmed meg på haldeplassen stod ei vakker ung kvinne. Magen hennar svulma under den kvite arangenseren. Det vesle barnet der inne voks med vårlyset; det var nok ikkje lenge til dei skulle møtast.
Då kom ein mann gåande. Han heldt seg fast i pappkruset sitt og følgde det langs fasaden til Glasmagasinet. Vanskeleg å aldersbestemma; åra hadde nok ikkje halde følgje med den kroppslege slitasjen. Då han kom nær trikkestoppen, stogga han og la hendene forsiktig omkring den store magen. Han stod heilt stilt og vende eit par blå auge opp mot himmelen medan han heldt rundt underet under genseren. Han fekk lov til å bli ståande. Og himmelen opna seg i lys over Stortorget denne februardagen. Vi delte ei heilag stund ved ei trikkeskinne, det umake paret og vi som fekk vera vitne.
Bli ikkje trøytte av å gjera det som rett og godt er, seier teksten. Livet gir oss mange val som nettopp handlar om å velja det som er rett og godt, framfor det som spontant verkar lokkande, logisk eller forsvarleg. Ingen ville klandra kvinna på fortauet om ho hadde vendt seg bort frå mannen. Om ho hadde vore redd for kva han kunne finna på, og avvist han. Men ho valde godt, og det var rett!
Bestill abonnement her
KJØP