Nyheter

Avlivar statsmisjonæren

Ferske tal knuser myta om at staten finansierer ­misjonærane.

Det er givarane som finansierer det aller meste av misjons­arbeidet. Det viser ein fersk rapport frå paraplyorganisasjonane Digni og Norme (sjå faktaboks).

I tillegg ser dei totale gåveinntektene ut til å auke. Frikyrkjene og misjonsorganisasjonane som er medlem hos Digni og Norme hadde i fjor 1,5 milliardar kroner i gåveinntekter.

– Det ser ut som at folk gir meir og meir, seier Jørn Lemvik, som er generalsekretær i Digni.

LES OGSÅ: Brukte 7 millioner - droppet evaluering

Glad

Lemvik meiner medlems­kyrkjene og organisasjonane til Digni og Norme no kan slå seg på brystet for følgjande punkt i rapporten:

Gåvebidraga er større enn dei totale offentlege tilskota.

Omlag 85 prosent av langtidsutsendingar innan diakoni og bistandsarbeid arbeider utan offentleg støtte.

Blant dei 20 største organisasjonane eller kyrkjesamfunna melder dei fleste om auka gåve­inntekter.

Snyltar ikkje

– Det er eit utbreitt inntrykk at vi snyltar på staten. Mange meiner at bistand og misjonsarbeid er omtrent fullfinansiert av staten. For eksempel har uttrykket statsmisjonær blitt brukt, seier Lemvik.

– Kvifor har det festa seg eit slikt inntrykk?

– Eg meiner media har spelt ei rolle her. Media har gitt inntrykk som har dominert i fleire år, nemleg at det i bistand og misjon handlar om å lure til seg mest mogleg pengar frå staten.

LES OGSÅ: Vekket Stortinget med misjonær-brev

I 2005 viste ei spørjeundersøking utført av Vevatne Consulting at nordmenn stolte tre gongar så mykje på bistandsarbeid utført av Raude Kross enn det som misjonsorganisasjonane utførte. TV2-dokumentaren «De norske statsmisjonærene» frå 2004 vart nemnt som ein av årsakene til det frynsete ryktet.

Uregistrerte gåver

Dokumentaren hevda at det aldri før hadde vore så mange misjonærar ute på misjonsfelta, noko som ikkje var eit resultat av vekking i Norge, men raus støtte frå regjeringa og Utanriksdepartementet.

Frank-Ole Thoresen har utarbeidd rapporten og trur gåve­inntektene har overgått statsstøtta i mange år.

– Sannsynlegvis har gåvene i lengre tid vore høgare enn statstilskotet, men vi har ikkje kunne vise tal for det. No når rapporteringane har blitt meir presise, ser vi at gåveinntektene er størst.

LES OGSÅ: Misjonærfar sendte såre brev til sønnen

Thoresen trur det framleis er pengegåver som ikkje blir registrert. Differansen til statsstøtta kan difor auke.

Utfordring

Men sjølv om gåve­inntektene aukar, meiner Jørn Lemvik i Digni at kyrkjene og misjonen har ei utfordring:

– Nordmenn har aldri hatt det så godt og tent så mykje pengar. Difor burde gåveinntektene vore enno større, seier han.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter