Kritiserer kristen nettstad gir for einsidige svar til ungdom
Frelsesarmeen vil ikkje lenger støtte guttogjente.no.
Nettstaden guttogjente.no tilbyr råd til ungdom om kropp, sex, forhold og identitet, basert på bibelske verdier.
Skjermdump, guttogjente.no
Fredag førre veke blei det klart at Frelsesarmeen har bestemt seg for å trekke si støtte til guttogjente.no. Nettstaden, ei kristen ungdomsside, vart starta av blant andre Familie og Medier, som ynskjer å gi ungdom sex- og samlivsråd ut frå eit kristent verdigrunnlag. Nettstaden har rundt 1.000 besøkande kvar veke.
Fagrådet som svarar på spørsmåla ungdomane sender inn består hovudsakeleg av helsepersonell, men nettstaden har vore omstridd heilt sidan lanseringa.
Ungdom som er usikre på eiga seksuell legning har mellom anna fått til svar at «det er betre å leve åleine enn å gå inn i eit romantisk og seksuelt forhold til ein person av same kjønn», sjølv om ein er forelska.
Bestill abonnement her
KJØP