Kampen om røynda rasar på sosiale medier

Under Gaza-krigen har Israel mobilisert verbale krigarar.

Israelske styrker utanfor Gazastripen. Rakett- og bombekrigen mellom Hamas i Gaza og Israel er utvida. Israelske soldatar har gått inn i Gaza for å knuse Hamas militært.
Publisert Sist oppdatert

Rakett- og bombekrigen mellom Hamas i Gaza og Israel er utvida. Israelske soldatar har gått inn i Gaza for å knuse Hamas militært.

Kampen i lufta og på bakken er hard. Parallelt utspelar det seg også ein verbal krig i sosiale medier; på Facebook, på Twitter, på bloggar og i kommentarfelta til nettaviser verda over.

– Denne «krigen» er prega av to ting. Palestinarane og deira vener viser fram lidingane Israels krigføring skaper. På den andre sida forklarar Israel og deira vener kva det israelske forsvaret gjer og kvifor dei gjer det, seier Anja Sletteland til Vårt Land. Ho forskar på oppfattingar i og om konflikten mellom Israel og palestinarane.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP