Nyheter

Israelsk fotballklubb spreier hat på banen

Fotballklubben Beitar Jerusalem har aldri hatt ein arabisk spelar på laget.

«Død over arabarane, død over arabarane.»

Tilropa frå medlemmene i La Familia rungar ofte på Teddy stadion i Jerusalem. Frå faste plassar på fotballanlegget som er oppkalla etter Jerusalems legendariske ordførar, Teddy Kollek, står dei som blir omtala som Israels mest rasistiske fotballfans. Namnet har dei henta frå Italia, der det er kallenamnet på mafiaen. Tilropa er mynta på arabiske spelarar på motstandarlaga. Beitar Jerusalem er det einaste laget i den israelske ligaen som aldri har hatt ein arabisk spelar. Klubben blei skipa i 1936.

– Du finn spor av rasisme i alle israelske fotballklubbar. Men i Beitar Jerusalem er dei i fleirtal. Og dei som ikkje syng med i La Familias kor teier stille, fortel Amir Bakk. Han har vakse opp i den rivaliserande klubben Hapoel Tel Aviv, og er i dag frivillig fotballtrenar for barn og unge gjennom ulike integreringsprosjekt i regi av klubben.

– Kampane mellom Hapoel og Beitar er hatoppgjer. Vi har alltid vore rivalar, og sterkt politiserte. Hapoel er klubben for venstresida medan Beitar er for høgresida, seier Bakk.

Feil religion. Beitar Jerusalem er mellom dei fremste fotballklubbane i Israel. Han er klubben til statsminister Benjamin Netanyahu frå partiet Likud, og har seks seriemeisterskap i pokalhylla. Men Beitar Jerusalem har tilhengjarar som ikkje toler muslimar, og som ikkje nølar med å spreie rasistiske og hatefulle ytringar på stadion.

Då klubbleiinga i fjor henta inn to nye spelarar som skulle forsterke laget, fall valet på to tsjetsjenarar. La Familia provoserte israelarar langt utanfor fotballen då dei heiste eit gult banner på Teddy stadion med teksten «Beitar vil alltid vere rein».

Dei to tsjetsjenarane var muslimar.

Då Zaur Sadayev sette inn sitt første mål i svart og gul Beitar-drakt, svarte medlemmer i La Familia og mange andre tilhengjarar med å gå frå heimekampen. Då Gabriel Kadiyev debuterte blei han møtt av skjellsord. Kvar gong han kom nær ballen fekk han rasistiske tilrop. Signeringa av dei to muslimane fekk også La Familia til å setje fyr på klubblokala, slik at umistelege klubbskattar blei svidde av.

I dag spelar Sadayev og Kadiyev ikkje i Israel.

Straffa klubb. Oppførselen til La Familia, som blei skipa i 2005, har gjort Beitar Jerusalem til ein av dei mest straffa klubbane i Israel. Fotballforbundet har gjeve dei bøter, pålagt dei å spele for tome tribunar og gjennomført høyringar om rasismen i fotballen. Men det hjelper ikkje.

Mangelen på eit nasjonalt oppgjer med fotballrasismen får den palestinske oppfatninga av Israel som eit rasistisk samfunn til å feste seg, seier analytikaren James Dorsey. Han forskar på fotballkultur i Midtausten og driv bloggen The Turbulent World of Middle East Soccer.

Spelar saman. Når Amir Bakk går på kamp for å sjå Hapoel Tel Aviv mot Beitar Jerusalem, får han og dei andre Hapoel-tilhengjarane klar melding frå La Familia:

– Vi er «arabarslikkarane».

Bakk er over snittet interessert i fotball, og tilhøyrer dei mest dediserte tilhengjarane til Hapoel, som er hebraisk og tyder «arbeidaren».

– Også vi ropar nedsetjande ord til motstandarane, men det er langt att til La Familias nivå.

Medan det ikkje er rom for arabarar på Beitar Jerusalem, er haldninga ei heilt anna i Hapoel Tel Aviv. Bakk sjølv er engasjert i ein organisasjon som får israelarar og palestinarar til å spele fotball saman, Misalot, som blir støtta av Hapoel Tel Aviv.

– Eit av prosjekta er å få israelske og palestinske barn og unge til å spele saman. Palestinarar kjem til Tel Aviv og spelar på blanda lag. Slik skaper vi heilt nye opplevingar av å vinne og tape saman. Og dei unge lærer kvarandre å kjenne. På denne måten kan vi bruke fotballen til å fjerne hat.

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhendeavdelinga i Vårt Land. Han har arbeidd i Vårt Land sidan 1992 og har tidlegare vore deskjournalist, vaktsjef, nyhendeleiar og samfunnsredaktør (nyhenderedaktør) i avisa. Han skriv særleg om asyl-, flyktning- og integreringspolitikk, oppvekst og utanriks – og konsekvensar av vedtak i regjeringa og Stortinget. Tips gjerne på: bjbj@vl.no

Mer fra: Nyheter