Jihadistmisjonærar lokkar unge muslimar til Syria

Ungdomsarbeidar i Bærum ber foreldre og moskear om å vakne opp. – Radikaliseringa av unge muslimar må stoppast, elles endar endå fleire opp som kanonføde.

– Unge muslimar er lokka til krigen av ein bodskap som er pakka inn i kvasiislam, seier Ikhlaque Chan. Han er dagleg leiar for eit aktivitetssenter for barn og unge i Bærum kommune.
Publisert Sist oppdatert

Ikhlaque Chan er dagleg leiar for eit aktivitetssenter for barn og unge i Bærum kommune. Både gjennom jobb og fritid møter Chan unge som blir trekte mot eit radikalt islamittisk miljø som overtalar unge til å dra i krigen for draumen om ein islamsk stat.

– Dessverre har fleire enda opp som kanonføde, lokka til krigen av ein bodskap som er pakka inn i kvasiislam.

Vårt Land fortalde i går at Politiets tryggingsteneste (PST) blei avvist då dei prøvde å ha bekymringssamtalar med unge, sterk radikaliserte muslimar før dei reiste til borgarkrigen i Syria. Men få ville snakke med politiet.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP