Nyheter

Korsnekt ‘utenkjeleg’ i Danmark

Eit uskuldig gullkors i halsen ville ikkje utløyst debatt i Danmark, seier DR-sjef.

I Danmarks motsvar til NRK, Danmarks Radio (DR), følgjer dei med undring korssaka i NRK, som Vårt Land fortalde om på måndag:

Programleiar Siv Kristin Sællmann i NRK Sørlandet får ikkje bruke eit lite gullkors når ho presenterer nyhende. NRK skal opptre nøytralt.

Ikkje debatt. – Eg kan ikkje sjå for meg at noko så uskuldig som eit lite gullkors i halsen kunne utløyse ein debatt i DR eller i Danmark, fortel DR etiske sjef Inger Bach til Jyllands-Posten.

Avisa har invitert lesarane til å seie kva dei meiner om korsnekten i NRK. I kommentarfeltet er det fleire danskar som spekulerer på om det er muslimar som har kontakta NRK og klaga på korsbruken.

Forundra talsmann. I Dansk Folkeparti er integrasjonstalsmann Martin Henriksen svært forundra over NRKs syn på saka.

– Eg har vanskeleg for å forstå kvifor eit lite kors skaper panikk i TV-kanalen, seier han til Jyllands-Posten.

Korssaka frå Norge er blitt via merksemd i fleire internasjonale medier. Nyhendebyrået UPI har sendt ut ei sak om Sællmann, korset og NRK.

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhendeavdelinga i Vårt Land. Han har arbeidd i Vårt Land sidan 1992 og har tidlegare vore deskjournalist, vaktsjef, nyhendeleiar og samfunnsredaktør (nyhenderedaktør) i avisa. Han skriv særleg om asyl-, flyktning- og integreringspolitikk, oppvekst og utanriks – og konsekvensar av vedtak i regjeringa og Stortinget. Tips gjerne på: bjbj@vl.no

Mer fra: Nyheter