Nyheter

Eldre døyr av einsemd

Risikoen for å bli sjuk og døy er mykje større hos eldre som er einsame, viser ny forsking. Nils Andresen (91) trur ikkje han hadde levd i dag utan vener og familie.

– Det sosiale held meg oppe. Utan besøk hadde eg ikkje vore i live no, slår Nils A. Andresen fast.

91-åringen er enkemann og bur åleine i ei leilegheit i Oslo. Det betyr ikkje at han er einsam. Med to barnebarn i same blokka, son og svigerdotter i nærleiken og mange vener frå kyrkjelyden, sit Andresen sjeldan og sturer. Likevel nyttar han seg av besøkstenesta til Røde Kors.

– Kontakt med andre menneske er svært viktig for meg, forklarer han og viser fram fleire fotoalbum med bilete frå eit innhaldsrikt liv.

Kroppen sviktar. Ny forsking gjev Andresen rett: Eldre som kjenner seg einsame har større funksjonssvikt og risiko for å døy enn andre, viser ei omfattande undersøking i USA. Forskarar hjå California universitet undersøkte 1.600 amerikanarar over 60 år i ein seksårsperiode. Dei oppdaga at deltakarane som kjende seg einsame, hadde mykje større funksjonssvikt i løpet av dei seks åra enn deltakarane som ikkje kjende seg åleine. I tillegg døydde fleire i denne gruppa.

Resultata var også tydelege etter at det var justert for andre forhold, som sosioøkonomisk status, levekår, depresjon og sjukdom.

– Det kan sjå ut som at einsame menneske tar mindre vare på seg sjølve, seier Carla Perissinotto, ein av forskarane, til BBC.

Einsame saman. Forskarane gjorde også eit anna funn, nemleg at einsemd ikkje nødvendigvis heng saman med butilhøva: Berre 18 prosent av dei som sa at dei var einsame, budde for seg sjølve.

– Du kan ha mange menneske rundt deg, og likevel vere einsam. Det er den subjektive oppfatninga som er ein helserisiko, påpeikar Perissinotto.

Ifølgje tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) er kvar fjerde nordmann plaga av einsemd. Det er mest vanleg å kjenne seg åleine i alderen 16 til 24 år og frå 80 år og oppover: I desse gruppene er fire av ti råka.

– Positivitet hjelper. At psykisk og fysisk helse heng saman, har brei støtte i tidligare forsking. Éi undersøking koplar depresjon med funksjonssvikt og døying, ei anna viser samanhengen mellom sosial isolasjon og dårleg helse.

Per Kristian Haugen, spesialist i klinisk psykologi og seniorforskar hjå Nasjonalt kompetansesenter for aldring og helse, deltok på eit forskingsprosjekt som følgde fleire personar frå tenåra til alderdommen. Han fann ut at den generelle innstillinga til livet spelar ei viktig rolle for helsetilstaden.

– I tillegg til fysisk aktivitet og sosial kontakt, hadde det å sjå positivt på livet ein stor helseeffekt, fortel Haugen.

Treng fleire studiar. Over 43 prosent av dei som deltok i det amerikanske forskingsprosjektet kjende seg einsame. Denne gruppa var eldre enn gjennomsnittet, mindre aktive, inneheldt ei overvekt av kvinner, personar med låg sosioøkonomisk status og røykarar.

– Vi treng fleire studiar som kan undersøkje desse mekanismane nærmare, seier Perissinotto, som i studien nemner sosiale tilbod for eldre som eit godt, førebyggjande helsetiltak.

Nils A. Andresen er ikkje i tvil om at det er sunt å vere sosial, og god fysisk helse er avhengig av ei god psykisk helse.

– Einsemd kan føre til mykje sjukdom. Å verte sitjande åleine unner eg ikkje nokon, seier han.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter