Nyheter

Natteramnar skuffa over Aps skjenkelyst

Lars Norbom meiner regjeringa burde stengt tappekranane klokka 02. – Byane ville blitt tryggare, seier ramneleiaren.

Onsdag kveld vart det klart at Arbeidarpartiets stortingsgruppe ikkje ønskjer å strame inn skjenketidene. Dermed kan kommunar framleis la utestadane skjenke alkohol til klokka 03.

Leiaren for Natteravnene i Oslo, Lars Norbom, meiner dette er feil avgjerd, og tilrår nasjonal skjenkestopp klokka 02.

– Ein burde i det minste prøvd i eitt år, og evaluert effektane, seier Norbom, som understrekar at dette er hans personlege haldningar.

LES OGSÅ: Ap sier nei til å skjerpe inn skjenketiden

Valden minkar. Dei siste åra har effektane av å stengje alkoholserveringa ein time tidlegare vore gjenstand for omfattande debatt. Ein rapport frå Statens institutt for rusmiddelforskning (SIRUS) slår fast at redusert skjenketid vil føre til mindre vald. Tidlegare studiar frå andre land har vist at større endringar i skjenketidene minkar omfanget av vald og andre alkoholrelaterte problem.

– Dei fleste valdsepisodar skuldast høgt alkoholinntak. Tryggleiken til dei som ferdast i byen ville difor vorte større om skjenkinga slutta ein time tidlegare, påpeikar Norbom.

LES OGSÅ: Kortere skjenketid gir mindre vold

Gode erfaringar. I 2008 innførte Trondheim og Kristiansand skjenkestopp klokka 02. På tre år vart talet voldsepisodar i Trondheim halvert.

– Det vart umiddelbart mindre bråk og vald i sentrum, fortel leiaren for Natteravnene i bydelen Midtbyen i Trondheim, Karl Sellgren.

Også i Kristiansand forsvann store delar av helgevalden då dei kutta skjenketidene.

- Det førte til ein markant valdsnedgang. Dei to neste åra hadde vi heilt lik politibemanning, og valden gikk ned med 20 prosent, fortel politistasjonssjef Ole Hortemo ved Kristiansand politistasjon til Stavanger Aftenblad.

Sellgren tykkjer det er trist å sjå korleis tilstandane er i Oslo i helgane, og meiner regjeringa burde gått inn for tidlegare skjenkestopp.

– Når ein ikkje klarar å handskast med valden og fylla på andre måtar, bør ein redusere skjenketida, påpeikar han.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter