Heimlengt
Born kan få sterk heimlengt. Dei blir stille, eller dei græt; dei greier ikkje eta, ikkje sova. Også store born.
Ein eg kjenner som byrja på internatskule, lengta slik at han sette seg på bussen heimover utan å melda frå, og skapte stor uro både her og der før han omsider dukka opp i døra hjå far og mor. Eg hugsar barndomens heimlengt som ein knute i mellomgolvet. Også som vaksen, har eg lengta sterkt heim. Og eg har tenkt at lengten etter «mine» er eit prov på at eg er mellom dei som har opplevd kjærleik.
Paulus lengtar etter å vera «saman med Kristus, for det er så mykje, mykje betre», skriv han i brevet til dei kristne i Filippi. Men han har framleis eit ærende på jorda; han skal hjelpa sine kristne sysken til «framgang og glede i trua». Jamvel i fengslet arbeider han for kyrkjelyden gjennom bøn og brevskriving. «Å leva er for meg Kristus», seier Paulus «og å døy ei vinning». Han høyrer Kristus til, men det er ikkje slaveri, det er kjærleik. Difor lengtar han.
Det hender menneske lengtar til himmelen, både når livet er godt og når det smertar. Somme lengtar mest bort frå alt tungt og vanskeleg. Andre tenkjer meir på det som ventar, på det lova landet, på vona om gjensyn. Stundom er det vanskeleg å forstå kvifor ein skal flytta, andre gonger kvifor ein lyt bli.
Bestill abonnement her
KJØP