I klartekst
Det er mykje kraft i sterkt hat og stor motvilje. Paulus sin kristelege karriere starta der, i eit ofseleg raseri mot «Herrens læresveinar». Han truga dei på livet, han arresterte og la i lekkjer.
Men brått og uventa blir han stogga, av eit lys og ei røyst. Og ingenting blir som før. Snakk om å få det i klartekst!
Somme av oss som har rekna oss som kristne sidan vi var born, er døypte og konfirmerte og kanskje jamvel konforme i vår kristne tru, har innimellom vore misunnelege på dei som kan vitna om sterke omvendingsopplevingar. Mange fortel om at livet har snudd på augeblikket, at dei har møtt Gud i ein draum, dei har opplevd å bli stogga på nærast fysisk vis, dei har sett lys eller høyrt ei røyst, dei har kjent stor ro og fred. Og etter dette har livet fått ny kurs. Jesus er om bord i livsens farkost. Når dei møter tvilens motvind kan dei finna tryggleik og oppmuntring i å sjå tilbake på det som endra livet deira.
Fine og sterke opplevingar er vedunderlege; dei løfter oss og endrar oss. Heldigvis får dei aller fleste erfara store og gode hendingar i livet, på ulike område.
Bestill abonnement her
KJØP