Er det fisk i livsens elv?

«Eg reknar med at det er fisk i livsens elv» sa ein studiekamerat av meg. Vi prata saman om korleis orda om himmelen var å forstå. Sjølv la han vekt på at himmelen ikkje handla om luftige skyer og englevenger. «Hugs at det står: Den nye himmelen og den nye jorda» sa han, med vekt på «jorda».

Publisert Sist oppdatert

Slik er det! Ein opplyst by med lange gater, ei klår elv og eit livgjevande tre – dette er bileta av himmelriket som Johannes fekk sjå. Dei er tydelege bilete som vi kjenner frå livet her på jorda. Likevel er det noko som sprengjer bileta: Elva er klår som krystall og renn ut frå Guds trone. Treet gjev liv og ber frukt tolv gonger i året. Byen treng ikkje ljos av lampe eller av sol, for Gud sjølv lyser over han. Det er som om alt her på jorda er lyfta opp til noko høgare enn det vi kjenner. Likevel kjenner vi det att.

Slik er himmelriket! Vi skal kjenne oss att – og likevel må vi seia: Her er alle ting nye!

Eg kjenner at det grip meg, dette at ein ikkje treng ljos frå sol eller måne. Her på jorda lyser vi velsigninga over kvarandre: «Herren la sitt andlet lysa over deg og vere deg nådig!» I himmelriket har dette vorte nært og sant. På jorda vandrar vi ofte i mørker, ikkje minst her i nord. Men der skal alt vera fylt av eit ljos som er fullkome og godt, for Gud sjølv er vårt ljos.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP