Nyheter

Siglarprest er ønska til Gulen

Men Kjell Svarstad (61) veit ikkje om han vil takke ja.

– Eg treng dei åtte dagane til å tenkje om eg skal seie ja eller nei, seier Kjell Svarstad.

Måndag tilsette Bjørgvin bispedømeråd han i den ledige stillinga som sokneprest i kystkommunen. Det vakte stor debatt at ingen søkte til den ledige stillinga medan 23 søkte seg til soknepreststillinga i Vålerenga.

Då Gulen-stillinga vart utlyst på nytt i sommar, søkte tre menn og to kvinner. Ein av søkjarane trekte seinare søknaden.

– Gulen sende eit mayday-mayday om at dei mangla prest. Vi som siglar, er plikta til å gå mot havaristen, seier Svarstad om grunnen til at han søkte.

- Er det ein god motivasjon for å vere prest der i fleire år framover?

– Dei havarerte ikkje, men dei er i beit for mannskap, seier Svarstad.

LES OGSÅ: Kvifor vil ingen bli prest her?

Var ikkje førsteval. Svarstad har åtte dagar på å svare om han tek imot stillinga.

– Eg må ha ein prat med min noverande arbeidsgjevar, som er biskopen i Oslo. Eg var ikkje førstevalet til dei tre sokneråda som har levert innstilling. Eg forstår godt at Gulen ynskjer ein ung og energisk prest i staden for ein litt sidrumpa sekstiåring. Det vil eg leggje vekt på. Det er tradisjon i vår kyrkje at ein ynskjer at prestane blir over lenger tid. Dei ynskjer ein prestefamilie som gjerne kan bidra med barn til barne- og ungdomsskule, medan eg er ei sjel og ei skjorte.

Svarstad er i dag kommunikasjonsrådgjevar for Oslo biskop i 50 prosent stilling. Han har gjort teneste i 50 kyrkjer som vikarprest med seglbåten «Nedre Himmerike» som mobil prestebustad. No er han også i ferd med å skape nytt engasjement for sjøvegen som pilegrimslei til Nidaros. Søndag la han til kai i Bergen etter den første pilegrimsseilasen til Trondheim med 20 deltakarar.

- Uansett om det blir ja eller nei frå meg, vil Gulen vere eit viktig område i jobben vidare med å etablere pilegrimsseilasane.

LES OGSÅ: Tek prestejobben i Gulen mot toppløn

Misjonær til Høyanger. Bjørgvin bispedømeråd tilsette Japan-misjonær Runar Matsui-Li (46) i den ledige stillinga i Høyanger og Kyrkjebø. Han var også søkjar til Gulen.

Lilja Jr. Thorsteinsdottir (41) og Karla Haugevik (63) søkte også på den ledige stillinga i Gulen.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter