Nyheter

No vil fire bli prest i Gulen

I vår ville ingen bli prest i Gulen. No har to menn og to kvinner meldt seg.

– Eg er veldig glad for at vi får søkjarar no, seier prost Geir Sørebø.

«Her skal eg berre søkje, altså», tenkte Karla Haugevik då ho leste i Vårt Land at Gulen manglar prest.

Ho studerer leiingspsykologi i Bergen og ynskjer å søkje på ei stilling i nærleiken av byen. Då ho såg utspelet frå sokneprest Jarle Veland om at han tek jobben viss han får toppløn på 692 000 kroner året for å halde to hushaldninger og pendle frå Bergen, fann ho fram søknadsskjemaet.

– Gulen fortener å ha ein prest som bur der, for eg synest alle kyrkjelydar bør ha ein prest i sin midte som engasjerer seg, seier Haugevik, som etterlyser meir kallstanke hjå prestane.

LES OGSÅ: Kvifor vil ingen bli prest her?

Prosten viktig. For henne er det også viktig at Geir Sørebø er prost, som dermed er prestens næraste overordna.

– Eg kjenner han frå studietida og han er ein svært sympatisk person, seier Haugevik. Ho er ikkje ordinert, men vil søkje om å bli det dersom ho får jobben.

Dette er søkjarane:

Karla Haugevik (63), prestevikar

Runar Matsui-Li (46), misjonær i Japan for Norsk Luthersk Misjonssamband

Kjell Svarstad (61), informasjonsrådgjevar for Oslo bispedøme, kjent som pilegrims- og siglarprest

Lilja Kr. Thorsteinsdottir (41), kyrkjetenar, busett i Danmark

LES OGSÅ: – Tek prestejobben i Gulen, dersom toppløn

Vil til distriktet. For Japan-misjonær Runar Matsui-Li er ein prestejobb i distriktet førsteynskje når han og familien kjem heim frå Japan neste år.

– Stillinga som sokneprest i Gulen hadde ei flott stillingsskildring og arbeidsoppgåver som passar meg godt, skriv han på e-post frå Japan.

23-0. Kystkommunen stod med tom søkjarliste då fristen for å søkje stilling som sokneprest gjekk ut i vår. Samstundes flokka 23 prestar seg på søkjarlista til den ledige stillinga i Vålerenga.

«Vålerenga-Gulen: 23-0» skreiv prost Sørebø i avisinnlegg der han lurte på kvifor ingen ville til Gulen.

Sørebø tenkte høgt saman med investor og fiskeoppdrettar Ola Braanaas korleis dei kunne få nye prestar til Gulen då Vårt Land vitja kommunen i sommar.

Fem melde seg då stillinga vart utlyst på nytt. Olav Edvin Rørtveit (59) står på den offentlege søkjarlista, men har sagt frå at han trekkjer søknaden.

LES OGSÅ: Ber prestekollegaer spørre hvor Gud vil ha dem

Tre i ein smekk? Det har også kome søkjarar til dei andre ledige prestestillingane i prostiet. Høyanger har fått tre søkjarar og Fjaler ein. Det er dei same personane som har søkt stillingane i dei tre stadane. Haugevik, Matsui-Li og Thorsteindottir har også søkt stillinga i Høyanger. Thorsteinsdottir har også søkt stillinga i Fjaler.

– Er vi heldige, kan vi få tilsett prestar i alle dei ledige stillingane. Viss mediemerksemda på prestar i utkantstrok har resultert i det, hadde det vore bra, seier Sørebø.

LES OGSÅ: Verdidebatt.no: Hvordan få prester til utkantstrøk

«Påfallande». – Ingen av søkjarane er i fast presteteneste i dag?

- Når vi er opptekne av rekruttering, er det positivt at vi hentar inn nokon som ikkje er i presteteneste i dag, så stel vi ikkje prestar frå andre, seier Sørebø, men han synest også det er påfallande at faste prestar ikkje søkjer.

– Korleis tolkar du det?

– Det understrekar at det er smått med søkjarar til denne type stillingar.

Han trur medieomtalen delvis er grunn til at fleire har søkt no.

Tysdag er det jobbintervju. Tilsetjing vil bli gjort i bispedømerådsmøte 29. august.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter