Nyheter

Kvinneleg prest fekk skulda for båttragedie

I dag samarbeider sokneprest Marit I. Espedalen godt med dei som skulda henne for «Sleipner»-forliset i 1999.

Tysnes-prest Marit I. Espedalen følte seg mange gonger krenkt i den første tida som prest i Bjørgvin bispedøme.

Espedalen opplevde jamvel å få skulda for at snøggbåten «Sleipner» - snøggbåten som gjekk mellom Bergen og Stavanger - forliste 26. november 1999. 16 menneske omkom, fortel ho i Mari Saltkjel si bok, Som en krone på verket - Fortellinger om kvinners prestekall. Boka er gjeven ut i samband med at det er 50 år sidan Noreg fekk sin første kvinnelege prest. , Ingrid Bjerkås.

Tusenårsfest. Denne novemberdagen hadde Espedalen invitert til fest i Tysnes kyrkje for å markere kyrkja sin tusenårsfest. Saman med soknerådet fekk ho forsamlinga til å syngje og danse til ein afrikansk salme.

Espedalen fortel i boka:
 - Eg hadde med meg ein redningsvest til gudstenesta. Eg gjorde eit poeng av at eg skulle kaste meg ut på djupt vatn, fordi me skulle syngje ein song som krevde andre rytmar enn det orgelet kunne spele. Eg forklarte at eg skulle gjere noko eg eigentleg ikkje meistrar, nemleg det å leie afrikansk song og dans, utan støtte frå musikken. Difor hadde eg redningsvesten på meg - som eit symbol på at dei måtte vera snille og rause mot meg og situasjonen, seier Espedalen i boka.

Dansa. Ho fortel at folk reiste seg og vart med på songen.

- Me stod mellom benkane og dansa til desse afrikanske rytmane. Me hadde ei fantastisk oppleving av å gjera noko saman. Og så gjekk «Sleipner» ned. I etterkant ville nokon ha det til at dette var mi skuld. Det kan godt henda eg ser spøkelse på høglys dag, men eg trur at det handla like mykje om at eg var kvinne, som at me dansa i kyrkja. Eg kommenterte det aldri, seier Espedal i boka. Det er bladet Sunnhordland som refererer frå boka i ein artikkel i dag.

Konservative krefter. Til Vårt Land vil ikkje Espedalen seie kven det var, men at det var «konservative krefter som eg tenkjer hadde behov for å seie noko om mi teneste som prest, dei ønskte ikkje å ha ei kvinne som prest her. Så fekk det dette uttrykket».

Espedalen hadde vore prest i Tysnes i fire år då dette skjedde – og har vore der sidan. Ho seier til Vårt Land at klimaet i dag er heilt annleis.

– Dei som skreiv at eg kunne ha noko med «Sleipner»-ulukka å gjere, seier ikkje slikt i dag. I dag samarbeider vi, sjølv om vi ikkje blir samde om bibelsyn. I ei lita bygd treng vi kvarandre. Eg brukar ikkje energi på dette i dag og har ikkje kjent trong for at nokon skulle be om orsaking. Heldigvis gløymer vi. Men hendinga høyrer med når vi skal dokumentere historia, seier Espedalen.

Trivsel. Ho seier at ho trivst som prest, at ho ville valt yrket på nytt om ho skulle velje og at ho har det godt som prest i Tysnes.

– Når eg har vore her i 16 år, viser det at eg har det godt som prest her. Situasjonen er heldigvis annleis i dag enn den historia eg er med på å dokumentere i boka. Det er det viktig å få sagt. Det blir heilt feil berre å ta ut den delen som handlar om korleis det var den gongen, seier Espedalen.

– Absurd film. I boka seier ho at noko av det ho tidlegare opplevde som prest i Bjørgvin stundom kjennest ut som ein absurd film. I 1994 skreiv dåverande biskop Per Lønning følgjande til henne, då ho søkte nokre stillingar i området rundt Bergen: «Du kan nok på en måte sies å være ekstra uheldig, i og med at disse søknadene i samtlige tilfelle har gått på prestetjeneste i menigheter der vi har hatt svært tydelige signaler om at det ville virke unødig provoserende, dersom en kvinnelig søker ble tilsatt».

I boka fortel Espedalen: - Bispedømmerådet ville at eg ikkje skulle søkja jobbar i distriktet, berre midt i Bergen by, fordi dei ikkje ville koma i den uheldige posisjonen at dei berre fekk éin søkjar. Då vart det nemleg litt ubehageleg fordi eg måtte få jobben.

Kall. – Kva seier du i dag om det Per Lønning skreiv?

– Også det er historie, som det er viktig å gå dokumentert. Framleis er eg kjempeglad for å vere prest. Det handlar for meg om kall til å vere prest, seier Espedalen.

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Nyheter