Nyheter

Israel og NRK: Rådsmedlem risar Kringkastingsrådet

– Vi svikta oppgåva vår, seier Frank Rossavik.

Kringkastingsrådet har fått så mykje kritikk for behandlinga av Midtausten-dekninga til NRK at rådet må drøfte kva rolle det skal ha.

Når rådet torsdag og fredag i neste veke dreg til Brussel for å setje seg inn i europeisk kringkastingspolitikk, skal rådet også diskutere kva som hende då rådet 28. april handsama ei klage frå den israelske ambassaden i Oslo mot Midtausten-dekninga til NRK. Det opplyser leiar i Kringkastingrådet, May Helen Molvær Grimstad til Vårt Land.

– Vi må ta både ros og ris på alvor og drøfte den kritikken som er kommen mot korleis vi utøver rolla vår, seier ho.

Svikt. Rådsmedlem Frank Rossavik seier rett ut at «vi svikta oppgåva vår» i behandlinga av Midtausten-dekninga.

– Vi vart ikkje ei kritisk stemme på vegne av lyttarar og sjåarar. Det vart i staden ein partipolitisk debatt om Midtausten, seier Frank Rossavik til Vårt Land. Han legg til:

– Vi fekk ein svært ladd diskusjon med venstresida mot først og fremst Frp. Det var dumt med tanke på dei mange som hadde møtt opp og var budde på ein heilt annan type diskusjon. Eg trur heller ikkje at NRK har behov for å møte Kringkastingsrådet for å høyre kva norske parti meiner om Midtausten. Det veit NRK godt frå før, seier Rossavik.

Truverd. Ein av dei som har kritisert Kringkastingsrådet etter aprilmøtet, er Terje Angelshaug – tidlegare lesarombod i Bergens Tidende. Han skreiv i ein blogg denne veka at rådet har vist seg ikkje å vere nokon truverdig kritikar av NRK, slik rolla skal vere: Eit klageorgan for alle som brukar NRK.

LES OGSÅ: Leserombud hardt ut mot Kringkastingsrådets Israel-debatt

Han har lytta seg gjennom debatten i Kringkastingsrådet om Midtausten-dekninga og kallar det «en selsom opplevelse».

God attest. Forskar Cecilie Hellestveit hadde levert ein rapport. Ho gav nyhendedekninga ikkje minst i Dagsrevyen god attest. Men ho kritiserte program som Brennpunkt og Dagsnytt 18 for å gje altfor stort rom til norske politikarar og andre norske kjelder. Difor blir dekninga av Midtausten prega av den norske forståinga av konflikten, nemleg at konflikten dreiar seg om forholdet mellom Israel og palestinarane, at Israel er den sterke parten og har ansvaret for at tostatslysinga ikkje blir realisert, sa ho.

LES OGSÅ: NRK får kritikk for Midtøsten-dekningen

Dette er ei oppfatning av konflikten som ligg nært opp til palestinske Fatah og den israelske venstresida. Hellestveit meinte NRK i større grad må utfordre denne oppfatninga av røyndommen og sleppe til fleire stemmer frå Midtausten.

Angelshaug meiner at Hellestveit la grunnlaget for ein reflektert og interessant debatt på kva NRK kunne bli betre på. Men den debatten kom aldri. Kvar fekk ei taletid på og to og eit halvt minutt. Det blei ingen debatt om journalistikk, men om politikk, skriv Angelshaug.

LES OGSÅ: Bred støtte til NRKs dekning av Midtøsten

Treffande. Rossavik seier at kritikken er treffande og at den også kunne vore retta mot behandlinga rådet gav av Maria Amelie-saka; då drøfta ein i hovudsak «holdningen til flyktningepolitikk, ikke til de konkrete faglige innvendingene mot NRKs dekning».

Journalisten og forfattaren Rossavik meiner det finst andre saker der rådet har gjort jobben sin betre. Han sjølv valde å røyste for fleirtalsframlegget og ikkje støtte eit forslag frå leiaren Molvær Grimstad som berre fekk støtte frå henne og to frå Frp.

– Så ladd som stemninga var ville det å stemme for deira forslag, kunna blitt oppfatta som sterkare kritikk av NRK enn det var grunnlag for, seier Rossavik.

Kva kan gjerast annleis?

– Ein ting som gjekk gale var at vi fekk ei taletid på to og eit halvt minutt. Det har vi ikkje hatt før. På den korte tida valde folk å prioritere det dei hadde tyngst på hjarta, nemleg det politiske, seier Rossavik.

Mer fra: Nyheter