Nyheter

Heilomvendning: Krusifiks likevel lovleg

Menneskerettsdomstolen har snudd: krusifiks i klasserommet er ikkje brot på menneskerettane.

Klokka tre i fredag ettermiddag fall dommen i Storkammeret i Den europeiske menneskerettsdomstolen som mange har venta på. Med eit overveldande fleirtal røysta 15 mot to dommarar for at det er tillate med krusifiks i italienske klasserom.

Det er ei heilomvending frå den første dommen i Menneskerettsdomstolen frå 3. november 2009. Den gongen konkluderte dei med at det krenkjer tanke- og religionsfridomen at ikkje-katolikkar må sjå på eit krusifiks.

Overraska. – Det er overraskende at dei har snudd såpass dramatisk. Det har vært massivt press fra einskildstatar og organisasjoner. Den forrige dommen vart kritisert for å legge for liten vekt på skjønnsmarginen. Det er mest overraskende så klart 15-2-avgjørelse, seier religionsfridomsekspert Njål Høstmælingen, direktør ved International Law and Policy Institute i Oslo.

– Kva fortel avgjerda om rommet for religionsfridom i Europa?

– På det formelle plan fortel det at ein overlet mykje av rammene for religionsfridomen til einskildstatane. Det er eit stort handlingsrom for korleis dei vil etablere ordningane sine. Det gjeld alle religioner. På det reelle planet trur eg at mange, særlig muslimer, vil lese at domstolen vernar den kristne trua, men ikkje den islamske. Det er greit å forby hijab og burka i Tyrkia, men det er tillate med krusifiks på skulene. Det er veldig lett å lese at dette er ei avgjerd frå den kristne, europeiske menneskerettsdomstolen.

LES OGSÅ: I dag kjem dommen over krusifiksa

Ikkje indoktrinering. I dommen heiter det at det er innanfor Italias skjønnsmargin å avgjere om dei skal ha krusifiks på veggen i skulen. Krusifikset var ingen form for indoktrinering.

Krusifikset var heller ikkje del av obligatorisk undervisning i kristendom. Domstolen legg også vekt på at skulemiljøet er ope for andre religionar: Elevar får lov å kle seg i symbol frå andre religionar, det vert teke omsyn til elevar frå mindretalsreligionar, valfri religionsundervisning vert tilbode. Ofte vert slutten av den islamske fastemånaden Ramadan feira i skulane. Domstolen fann ingen bevis på at elevar frå andre religionar eller ikkje-truande er utsett for intoleranse.

LES MER: Appell mot krusifiksforbud

Foreldrerett ivareteken. Domstolen kunne heller ikkje finne at elevane i større grad vart utsett for misjonsverksemd på grunn av krusifikset, eller at læraren hadde på en tendensiøs måte henvist til krusifikset.

Domstolen konkluderer med at foreldreretten er i vareteken ved at mora som klaga, Solie Lautsi, har full rett til å opplyse og gje råd til borna sine i tråd med eiga overtyding.

Endeleg dom. Saka vart avgjort i Storkammeret med 14 dommarar. Italienske domstolar avviste klager frå ei mor, Soile Lautsi, og hennar to søner mot krusifiks i klasseromma. Krossen er ein viktig del av Italias kultur og historie.

Men Menneskerettsdomstolen gav i første omgang mora rett. Den italienske staten anka difor dommen til Storkammeret. Storkammeret gjennomførte si høyring i saka 30. juli i fjor. Dommen i Storkammeret er endeleg.

LES MER: Advarer mot korstog for krusifiks

Symbol. Lautsi og saka hennar er blitt eit symbol i Europa på striden om den religiøse og kulturelle identiteten til kontinentet. Den italienske staten har hevda at skulepensum i Italia er objektivt og kritisk og er til for å skape ein atmosfære som skal hindre indoktrinering eller forsøk på å omvende folk. Barn vert aldri oppmuntra til å forlate si eiga tru.

47 land er tilslutta domstolen. Dommen i domstolen i 2009 fekk 37 jusprofessorar frå 11 land til å protestere. Dei åtvara mot at dommen ville tvinga mange land til å fjerne krossen i flagga sine.

Italia har fått støtte frå fleire land som Armenia, Bulgaria, Kypros, Hellas, Litauen, malta, Romania og Russland.

Det er over 25 år sidan katolisismen slutt å vere statsreligion i Italia, men krusifiksa i klasseromma er altså blitt hengjande.

Store ringverknader. På førehand var det knytt stor spenning til utfallet av saka. «Blir 2011 året da trenden snudde og Europa anerkjente sin kristne røtter?» spurde samfunnsredaktør Erling Rimehaug i Vårt Land i ein kommentar laurdag 12. mars.

Han synte til at Strasbourg-dommarane ikkje arbeider i eit vakuum og stilte spørsmål ved om stemninga i Europa hadde snudd i det siste halvanna året sidan domstolen avviste krusifikset som brot på menneskerettane.

«Kjennelsen vil ha betydning langt ut over italienske klasserom. Den vil legge premissene for om europeiske stater kan fremheve sin kristne kulturarv», skreiv Rimehaug.

Mer fra: Nyheter