‘Snill pike’

Som lita jente eg fekk ein kopp til fødselsdagen av ei varmhjarta butikkdame. Koppen hadde fat under, slik som vaksne koppar, og han hadde bilete av ein blå elefant med raud paraply. Det stod «snill pike» på koppen, veit ikkje om det var meint som ein kompliment eller ei oppfordring.

Publisert Sist oppdatert

Eg kom til å tenkja på koppen då eg las dagens tekst. For det er på mange måtar ein «snill pike»-tekst, endå han ikkje vender seg spesielt korkje til jenter eller kvinner.

Oppfordringane til kyrkjelyden i Kolossai er ein bekk av honnørord: Kled dykk i inderleg medkjensle, ver gode, milde, audmjuke og tolmodige! Ber over med kvarandre og tilgi kvarandre viss den eine har noko å klaga den andre for! Og på heidersplassen: «Og over alt dette: Kled dykk i kjærleik, det bandet som bind saman og gjer fullkomen». La Kristi fred rå i hjartet! Ver takksame!

Kanskje står ikkje desse «snille» og «mjuke» eigenskapane så høgt i kurs for tida. Vi skal då ha lov til å «stå på krava» og hevda vår plass. Ingen kan venta at vi skal finna oss i urettferd og tilsidesetjing. Dagens tekst seier heller ikkje det. Men teksten løfter fram andre ideal som kan verka frigjerande om vi realiserer dei. Kven av oss ønskjer ikkje fellesskap som er prega av kjærleik og tilgiving, takk og fred?

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP