Paven uroleg for piratar

Vil ha meir omsorg for kapra sjøfolk og familiane deira.

Pave Benedikt XVI er oppteken av velferden til sjøfolk som blir utsette for piratar.
Publisert Sist oppdatert

Vatikanet vert meir og meir uroleg for piratverksemda på sjøen. Denne veka har Vatikanet halde konferanse om betre hjelp til sjøfolk som er blitt gislar og familiane deira.

Vatikanet har lenge lagt vekt på omsorg for sjøfolk gjennom Stella Maris, eit katolsk velferdsskip, ei seglande kyrkje som sender prestar til tankskip og cruiseskip.

Men piratverksemda ikkje minst utanfor Somalia med fleire hundre sjøfolk som er blitt gislar, har uroa Vatikanet som vil finne ut kva åndelege, psykologiske og finansielle behov hos dei kapra sjøfolka, særleg asiatar, melder Associated Press.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP