Store summar blir brukte på oppussing og innreiing; vi kjøper hyllemetervis med interiørblad; skiftar kjøken og snikrar terrassar; møblerer i takt med skiftande trendar og fornyar med tapet og tekstil når det ikkje er fleire vegger som kan flyttast. Alle er ikkje samde om kva som tar seg best ut, men velstanden lyser mot oss dei fleste stader i landet; påkosta fasadar og velstelte hagar. Vi likar det slik og kan oftast betala prisen. Vi brukar mykje tid og merksemd på å bu oss inn i gode hus og hytter; vi investerer i eigedom for oss og etterkomarane vår, og vi tryggjer det vi eig, med vedlikehald, forsikring og vaktselskap.
«Eg er ein gjest på jorda», seier salmediktaren i dagens bibelord. Det er ei nyttig påminning for oss bufaste. Vi skal bryta opp ein dag og lyt setja att etter oss alt vi har samla av eigedom som vi har stelt med og brukt tid, krefter og pengar på. Når vi tenkjer etter, låner vi berre plass og tid på jorda, vi er forvaltarar i ei større hushaldning enn vår eiga. Det trengst visdom for å vera ein trufast hushaldar og ein varsam gjest på jorda.
Salmediktaren hentar råd i Guds ord. Han grundar på dei, støttar seg på dei, lit på dei.
Guds dommar synest vera langt betre enn menneskepåfunn, hans lov er fylt av underfulle ting. Difor bed denne jord-gjesten om å forbli fortruleg med Guds ord slik at han kan handla etter dei:
Gjer vel mot din tenar,
så eg kan leva og halda dine ord.
Lat opp mine augo, så eg kan sjå
dei underfulle ting i di lov!
Eg er ein gjest på jorda,
løyn ikkje dine bod for meg!
Stendig fortærest mi sjel
av lengsle etter dine domar. ...
Ja, dine lovbod er mi lyst,
det er dei som gjev meg råd.
Vi kan be med salmisten om å få auge som ser løyndomane i Guds ord, som ser lenger enn til oss sjølv og vårt eige, og som ser samanhengen mellom det vi er og har, og Guds vilje for oss på jorda.