Ber om orsaking for aksjon i domkyrkje

Bizualem Beza er lei for sveltestreiken og aksjonen i Oslo domkirke.

Bizualem Beza, eks-talsmann for etiopiarane i Oslo Domkirke, seier seg lei for aksjonen i domkyrkja.
Publisert Sist oppdatert

Måndag var det slutt på aksjonen dei papirlause etiopiarane har hatt gåande i Oslo domkirke i ei veke.

– Eg vil personleg be om orsaking overfor det norske folk og kyrkja for at eg, saman med andre, gjekk til den desperate aksjonen å ta opphald i Oslo domkirke på den måten vi gjorde, skriv Bizualem Beza i ein epost til Aftenposten.

Beza var den første tida talsmann for aksjonistane i domkyrkja, men trekte seg dei siste dagane. Måndag forlet dei siste 30 kyrkja i samla flokk og vart frakta til Torshov transittmottak i Oslo.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP