Pastorar på bønemøte i Det kvite hus
Fleire pastorar kjem til Det ovale kontoret for å be saman med president Barack Obama.
President Barack Obama talte på Den nasjonale bønefrukosten i Washington.
Reuters/Scanpix
President Barack Obama deltok 3. februar på Den nasjonale bønefrukosten i Washington, slik alle presidentane sidan Eisenhower har gjort.
Obama fortalde der sjølv om si eiga tru frå unge år og fortalde at trua er blitt styrkt og er blitt djupare gjennom dei to åra han har vore president i USA.
– Presidentgjerninga får på ein morosam måte eit menneske til å føle behov for å be, sa Obama og viste til Abraham Lincoln som sa at «Eg har måtta kaste meg på kne mange gonger av den overveldande overtydinga at eg hadde ingen andre stader å dra.»
Bestill abonnement her
KJØP