– Teitel kan stillast for retten

Tre psykiatrisk sakkunnige går alle inn for at Yaakov Teitel er i stand til å bli stilt for retten for å svare for drap på to arabarar og drapsforsøk på ein messiansk jøde.

Yaakov Teitel då han vart framstelt for varetektsfengsling hausten 2009. Teitel sa at Gud er stolt over det Teitel har gjort.
Publisert Sist oppdatert

Teitel flytta frå USA til Israel og har busett seg på Vestbreidda. Han er blitt kalla ein «jødisk terrorist» i israelske media etter at han ope har vedgått mellom anna å ha drepe to arabarar i 1997 og å ha prøvd å ta livet av ein messiansk-jødisk familie i Ariel på Vestbreidda. Sonen i huset til sistnemnde, Ami Ortiz, fekk alvorlege skadar då han i mars 2008 opna ei gåve som viste seg å innehalde ei bombe.

'Æra Gud'. Då Teitel vart arrestert og framstilt for varetektsfengsling hausten 2009, hevda han at han æra Gud med sine handlingar.

Teitel møtte sist veke til ei ny rettshøyring der dei tre psykiatrisk sakkunnige gjorde greie for sitt syn: Teitel har mental helse god nok til å svare for seg i retten. Dei har undersøkte helsa hans i fleire månader.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP