Islamist-topp vil vende tilbake til Tunisia
Erkebiskop overraska over kor raskt makta fall.
Demonstrantar i Tunis ropar slagord medan opprørspoliti står vakt i Tunis sentrum 18. januar.
ZOHRA BENSEMRA/Reuters/Scanpix
Erkebiskop Maroun Lahham i Tunis seier at landet var roleg så lenge og at folket vart overraska over kor raskt regjeringa fall. Han seier det i eit intervju med Catholic News.
Lahham seier at kristne samfunn, først og fremst ikkje-tunisiske, ikkje vart angripne under opptøyene og samanstøytane. Men han seier at mange kristne var redde fordi dei ikkje var vane med slik valdsbruk i Tunisia.
– Eg er vant til dette fordi eg budde i Betlehem, seier erkebiskopen som tidlegare var rektor ved det latinske patriarkatet sitt seminar i Beit Jala, like ved Betlehem, på Vestbreidda.
Bestill abonnement her
KJØP