Gjestehus dømt til å la homofile par få dobbeltrom

Eit kristeleg pensjonat i Storbritannia nekta homofilt par overnatting.

Publisert Sist oppdatert

Eigarane av det kristelege gjestehuset er «skuffa» etter at ein dommar kjende praksisen deira ulovleg. Gjestehuset Chymorvath guesthouse i Cornwall godtek berre heterofile par på dobbeltrom. Peter og Hazelmary Bull tapte saka då eit homofilt par gjekk til søksmål.

Martyn Hall og Steven Preddy tinga eit dobbeltrom på gjestehuset i september 2008, men fekk nei då dei kom fordi staben oppdaga at det ikkje handla om eit heterofilt par, skriv Christiantoday.

Preddy og Hall saksøkte gjestehuset og kravde 5000 pund i vederlag. Ein dommar kjende praksisen ulovleg tysdag og krev at homofile par og heterofile par vert handsama likt. Gjestehuset på betale det homofile paret 3600 pund i vederlag.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP