Nyheter

Discovery lagar serie om exorsisme

Samarbeider med Vatikanet.

Discovery Channel samarb eider med Vatikanet om unik serie der dei skal jakte demonar.

The Exorcist Files will skal gjenskape verkelege hendingar med demonjakt og demonutdrivingar. Den skal vere basert på saker som er undersøkt av den katolske kyrkja, melder nettstaden Inside TV.

TV-programma vil gje innsyn i arkivet i Vatikanet og intervju med exorsistar som sjeldan er å sjå på TV.

– Vatikanet er ein svært vanskeleg stad å få tilgang. Men vi forklarte at vi ikkje skal prøve å fortelje folk kva dei skal meine, seier Discovery-president Clark Bunting.

Bunting seier at exorsistane i den katolske kyrkja trur at ein demon kan ta bustad i ein heim eller ein person. Han sjølv var i starten svært skeptisk, men fekk stor forståing etter ein timelang samtale.

– Det arbeidet desse folka gjer og den overtydinga dei har gjev fascinerande historier, seier Bunting.

The Exorcist Files startar opp til våren, inghen konkret dato er fastsett førebels.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter