Nyheter

Nortura: «Gilde eig jula»

Nortura-konsernet hevdar at kjøtnamnet Gilde står mykje sterkare enn Jesus i jula. Det avviser mannen bak undersøkinga.

Synovate som har gjort den aktuelle undersøkinga, avviser Nortura-konsernet sin bruk av tala.

– Gilde eig jula. Tredjeplass til Jesus og Julenissen! heiter det i ei pressemelding fra Nortura-konsernet som eig Gilde.

Tredjeplass. Gilde er det merkenamnet flest nordmenn knyter saman med jula, viser ei undersøking Synovate har gjort for nettopp Nortura og Gilde. Jesus og Julenissen må nøye seg med delt tredjeplass, heiter det.

21 prosent svarar i følgje ei pressemelding frå kommunikasjonsdirektør Nina Sundqvist i Nortura på det ho kallar eit ope spørsmål om kva merkenamn folk sterkast knyter til jula.

«Det plasserer Gilde i en suverent egen klasse for hva som gir juleassosiasjoner hos folk. På neste plass kommer Coca Cola med 11 prosent. Julenissen må finne seg i en delt tredjeplass med Juleevangeliet, på 4 prosent. Freia får 3 prosent, mens Disney blir bare nevnt av 2 prosent av befolkningen», skriv Sudqvist.

Ho kallar dette «en fantastisk følelse å gå inn i vår viktigste sesong med».

Jesus ikkje vare. Jan Spilling i Synovate, som har gjort undersøkinga, seier derimot til Vårt Land at dei ikkje reknar Jesus og juleevangeliet som et varenamn - eller merkenamn.

– Hadde vi spurt folk om kva dei sterkast knyter til jula, hadde nok svaret vorte heilt annleis. Då hadde nok juleevangeliet komme på topp. På den andre sida: Sidan folk svarte Jesus og juleevangeliet i ei undersøking om merkevarenamn, valde vi å ta med alt folk svarte, ikkje luke bort svar, seier Spilling.

– Litt langt. – Reknar Nortura Jesus for å vere ei vare, kommunikasjonsdirektør Nina Sundqvist?

– Vi har kanskje har drege dette litt langt. Men dette var ei undersøking om kva folk sterkast forbind med jula, svarar Sundqvist.

– Spørsmålet var vel ikkje formulert slik, folk blei derimot spurt om kva merkevarenamn dei strekast knyter til jula. Jon Spilling i Synovate seier dei ikkje reknar Jesus og juleevangeliet som vare eller merkevare. Kva seier du til det?

– Eg skal ikkje gå i clinch med Spilling. Vi kunne nok hatt eit høgare nøyaktighetsnivå i pressemeldinga. Men folk svarte Jesus og juleevangeliet uoppmoda, seier ho.

I alt 1002 frå heile landet deltok ei telefonundersøking i veke 49.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter