– Ortodokse jødar har inga framtid i Nederland
Nederlandsk politikar ber jødar oppmode barna sine til å flytte til Israel eller USA.
Hans De Leeuw, ein 91 år gammal jøde frå Nederland, feirar ein forsinka bar mitzvah-seremoni ved Klagemuren i Jerusalem i november i år. Ifølgje Fritz Bolkestein er det inga framtid for folk som Leeuw eller etterkomarane hans i heimlandet.
Sebastian Scheiner/Reuters/Scanpix
Tidlegare EU-kommisjonær Frits Bolkestein seier i eit radiointervju at jødar som lever ut sitt jødiske liv, som ortodokse jødar, ikkje har noka framtid i landet på grunn av anti-semittismen blant nederlendarar med marokkansk opphav. Og desse innvandrarane veks i tal.
Utsegnene i intervjuet i Radio Netherlands Worldwide vekte oppstand i Nederland tysdag, melder den franske avisa Le Monde.
Utsegnene kom opphavleg i ei bok israelaren Manfred Gerstenfeld gav ut: The Decay; Jews in a Rudderless Netherlands.
Bestill abonnement her
KJØP