Israel: Vil rive jødiske hus i Aust-Jerusalem

Styresmaktene i Jerusalem førebur evakuering av jødisk blokk i Silwan ved Kedronbekken i Aust-Jerusalem.

Arabarar ser på medan jødiske nasjonalistar demonstrerer i bydelen Silwan i Aust-Jerusalem.
Publisert Sist oppdatert

Det var her i dagens Silwan at den gamle Davidsbyen låg. I dag er dette eit hovudsakleg arabisk område som nokre jødiske nasjonalistar har invadert. Planen er nå å evakuere ein sju etasjen, jødisk eigd bygning. Den vart sett opp utan byggjeløyve, melder avisa The Jerusalem Post.

Dom. Det er ein dom som seier at bygget skal evakuerast. Åtte jødiske familiar bur i huset. Det har vore strid om rivinga mellom borgarmeister Nir Barkat og statsadvokat Moshe Lador. Barkat nekta lenge å fjerne familiane og rive bygget. Men no, skriv avisa, er det borgarmeisteren som har gjeve ordren. Han gjer det etter massivt press.

Etter at dette bygget er evakuert og forsegla skal 200 ulovlege arabiske hus i Silwan øydeleggjast, skriv avisa.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP