– Pikant notat får ikkje følgjer for pavebesøk
Vatikan-talsmann seier at saka er avslutta.
Pave Benedikt XVI er sint på grunn av eit pikant notat sirkulert blant offentlege tenestefolk i det britiske utanriksdepartementet.
Eit pikant notat som sirkulerte blant britiske tenestemenn, føreslo at paven skulle velsigne eit homofilt par og opne ein abortklinikk under gjestinga i Storbritannia i september. I helga siterte britiske aviser kjelder i Vatikanet som opna for at notatet kunne føre til at heile besøket blei kansellert.
Men no seier talsmann Fredrico Lombardi: – For oss er saka avslutta.
Paven skal gjeste Storbritannia frå 16. til 19. september.
Bestill abonnement her
KJØP