Pikant notat trugar pavebesøk i Storbritannia
Britiske tenestemenn laga pikant notat som føreslo at paven skal lansere eige kondommerke.
Pave Benedikt XVI som her helsar dei frammøtte på Petersplassen under søndagens velsigning, har fått ei formell orsaking frå Storbitannia etter eit provoserande dokument før gjestinga i London.
ALESSIA PIERDOMENICO/Scanpix/Reuters
Det er blitt bråk før pavegjestinga i Storbritannia i juni. The Sunday Telegraph har avslørt at offentlege tenestemenn formulerte eit notat etter det som er blitt kalla «brainstorming». Notatet bar tittelen «Det ideelle besøket ville sjå slik ut....»
Notatet latterleggjer den katolske kyrkja si lære. inkludert opposisjonen mot abort, homoseksuelt samliv og prevensjon, melder avisa.
Notatet skal ha sirkulert mellom tenestemenn ved statsministerkontoret og i utanriksdepartementet. Der stod det mellom anna forslag om at paven skulle velsigne eit homofilt par, opne ein abortklinikk, overnatte ei natt i eit kommunalt husvære og synge duett med dronninga.
Bestill abonnement her
KJØP