Patriark velsigna russisk OL-lag for ære og siger

OL-laget skal forsvare Russlands ære, sa kyrkjeleiaren.

Ein russisk ortodoks prest velsignar medlemmar av det russiske OL-laget før avreise til Vancouver.
Publisert Sist oppdatert

Den russiske ortodokse kyrkja velsigna det russiske OL-laget torsdag. Gudstenesta vart halden i Jesus Kristus-katedralen i den russiske hovudstaden, melder telegrambyrået Interfax si avdeling for religion.

250 deltakarar. Alle dei 250 gjekk i raude og kvite deltakardrakter. Kvinnene hadde vinterhattar på seg, melder byrået. Byrået fortel også at deltakarane deltok i bøn under gudstenesta.

Patriark Kirill leia gudstenesta. Han fortalde OL-laget at deltakarane frå Russland skal forsvare Russlands ære gjennom OL, for dei olympiske leikane er «svært viktige for vår nasjonale sjølvoppfatning og ære, særleg når landet vårt har gått gjennom ein vanskeleg periode i landets liv.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP