Jødebøn førte til nødlanding
Eit amerikansk fly på veg frå New York til Kentucky I USA fekk ein ekstra stopp i Philadelphia.
Scanpix
Torsdag byrja ein passasjer å be så høgt at dei andre på US Airways-flyet frå New York til Louisville, Kentucky blei redde. Kort tid etterpå valde piloten å nødlanda flyet i Philadelphia i delstaten Pennsylvania, skriv Jyllandsposten.
Då flyet landa, omringa både FBI-agentar og det lokalet politiet det. Passasjeren som stod for dei høge bønene, blei ført bort av politiet. Ifølgje CNN skal passasjeren ha vore ein ortodoks jøde.
Flyet tok ein ekstra nødstopp for «tryggleiks skuld» og ifølgje NBC news skal mannens flyskrekk kanskje ha vore ein grunn til at han sette i gong med høge rop til Gud. Ingenting mistenkjeleg blei funne på flyet. Dei andre passasjerane fekk seinare lov å fly vidare til Kentucky. Den ortodokse jøden vil ikkje bli straffeforfølgt og skal no vera ein fri mann igjen.
Bestill abonnement her
KJØP