460 drepne i Nigeria-kampar
Dødstala stig etter kristen-muslimske kampar i byen Jos.
Ein soldat står ved ein utbrend bil i byen Jos. Bilen frakta tomater før den vart sett i brann i det valdelege oppgjeret mellom muslimske og kristne gjengar i byen.
AKINTUNDE AKINLEYE/Scanpix/Reuters
Dødstala etter fire dagar med samanstøytar mellom muslimske og kristne gjengar i den nigerianske byen Jos og lokalsamfunna rundt, har nådd 460.
Det er kjelder i moskeane og menneskerettsaktivistar som opererer med dette talet, ifølgje telegrambyrået Reuters. Seks militæravdelingar og hundrevis av politifolk vart onsdag stasjonerte rundt hovudstaden i delstaten Plateau i det sentrale Nigeria. Dei skal handheve portforbod døgnet rundt, skriv Reuters.
LES OGSÅ;:
Bestill abonnement her
KJØP