Nyheter

Thon kuttar støtte til NTNU etter krav om Israel-boikott

Kravet om boikott av Israel vart for mykje for hotellkongen.

To dagar før styret ved NTNU i Trondheim samrøystes avviste kravet frå studentar og akademisk tilsette om å boikotte Israel, fekk NTNU brev frå Olav Thon. Thon gjorde det klart at han kutta pengestøtten han har gitt universitetet.

LES OGSÅ: NTNU-styret sa nei til boikott av Israel

Finansmannen finn det heilt uinteressant å gje økonomisk støtte til eit miljø der politisk syn, etter Thon si meining, tydelegvis kan komme framfor eit godt forskarmiljø. Det er Aftenposten som skriv dette.

LES OGSÅ: Benny Morris hardt ut mot boikott av Israel

Thon har støtta Institutt for bygg, anlegg og transport. Over 3 år har han sponsa instituttet med kring 300.000 kroner til ei professor II-stilling for Svein Bjøberg. Han er til dagleg tilsett i rådgjevarselskapet Multiconsult. Bjøberg si tilsetjing ved NTNU, sponsa av Thon, går ut 30. juni neste år.

LES OGSÅ:

Krever akademisk Israel-boikott

Styret vedtok 12. november å avvise kravet om akademisk boikott av Israel. I brevet som vart sendt to dagar, skreiv Thon at han rekna med at utfallet ville bli nei til boikott. Men han var uansett så irritert over dei sterke boikott-krava og framstillinga av NTNU som eventuelt verdas første universitet som boikotta Israel, at han sa takk for seg, ifølgje Aftenposten. Thon gjorde det klart at vidare korrespondanse eller møte om saka ville vere fånyttes.

LES OGSÅ: Advarer mot Israel-boikott

Mer fra: Nyheter