Barnecampen er høgdepunktet
Camp Meeting er fast sommartradisjon for mange av medlemene i Oslo Kristne Senter. Barnecampen er aller best, meiner tre av deltakarane.
Camp meeting, fast sommerarrangement i regi av Oslo Kristne Senter ( OKS ). Fra venstre: Tina Bisgaard, Carla Stefansen og Victoria Gran Svendsen
Maren Kvamme Hagen
Camp Meeting er eit fast sommararrangement i regi av frikyrkja Oslo Kristne Senter (OKS). I år har arrangementet strekt seg over seks dagar, frå 30. juni til 5. juli. Ray Bevan, Egil Svartdahl og Åge Åleskjær har mellom anna tala, og det er rekna å ha vore nærare 700 deltakarar på dei største samlingane.
God tradisjon. Barnecamp er ein eigen del av arrangementet, der ungar får halde på med aktivitetar, samtidig som dei får bibelundervisning. Victoria Gran Svendsen (14), Tina Bisgaard (15) og Carla Stefansen (15) jobbar alle som leiarar på Barnecampen. Dei har vore med på Camp Meeting så lenge dei kan hugse.
Det er ein god tradisjon, og så får vi treffe vener vi elles ikkje ser, seier Tina.
Bestill abonnement her
KJØP