Klargjer NLM-kyrkja
Det er nok at halvparten av generalforsamlingen røyster for å opprette eit trussamfunn, meiner hovudstyret.
Generalsekretær Ola Tulluan opplyser at forslag til statuttar for det planlagte trussamfunnet er kvalitetssikra og førelagt Fylkesmannen i Oslo, men ikkje heilt ferdige enno.
Kai-Otto Melau
Eit samla hovudstyre meiner at det ikkje er nødvendig med grunnregelendringar for å opprette eit trussamfunn, seier generalsekretær Ola Tulluan.
Dermed held det at halvparten av delegatane på generalforsamlinga i Bergen 8.-12. juli røyster for eit trussamfunn. Hadde det vore grunnregelendring, måtte eit vedtak hatt 2/3 fleirtal.
Vårt Land kjenner til at det truleg vil kome forslag frå salen om at saka likevel skal vere grunnregelendring.
Bestill abonnement her
KJØP